Kampreferat 2011:

Surt Heimetap mot Hødd2

Bergsøy – Hødd2 2-3 (0-0)


Daniel Kvalsvik og Aleksander

30.06.2011 klokken 19.00
Bergsøy KGB Fosnavåg

Ulrik Wingsternes

Even Myrheim

296 tillskuerar


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt/Frantz Frantzen

Kampreferat

"-Eit skikkeleg surt tap, der eg synest vi fortener poeng utfrå spel og sjansar – dessverre får ein ikkje alltid betalt for dette. Synest vi utfører arbeidsoppgåvene våre veldig bra i 75 min, siste delen blir vi dyktig slitne og vi misser strukturen i laget".
(Trenar Per Rune Tødenes)

Begge lag hadde sine muligheter før pause, men det blei 0-0 etter dei første 45 minutta. Den andre omgangen starta imidlertid med eit pang. Berre to minutt ut i omgangen endar ballen hos Høddspelar Mendy som setter ballen imål til 0-1 fra 13 meters avstand. Og Bergsøy svarer med å gå rett i strupen på Hødd. Daniel Sandvik går rundt på kanten og slår eit presist innlegg til Daniel Kvalsvik på bakerste stolpe. Han sklir ballen imål til 1-1.
(Bildet: Vestlandsnytt. )


Kampen sto lenge og bikka med høgt tempo og mange Bergsøysjansar, og når det tikka til 52 minutt var Frank Sverre SKorpen fri for å fyre av eit skudd, men skotet går rett på keeper. Kjetil Paulsen fyrer også av, men keeper reddar den også. Bergsøy har også ein ball i stolpen. Det er Aleksander Dahle som får det beste treffet. Han dreg til frå 25 meter og ballen får ein hard dupp som går over keeper og fint i krysset til 2-1.

"-Men eg synest at vi står fram som eit godt lag så lenge kreftene held, så får vi berre prøve å jobbe med dei tinga vi kan gjere noko med. Derfor blir det veldig viktig å sjå framover, og alt fredag spelar vi vår kanskje viktigaste kamp for året. Brattvåg kjem på besøk for første haustkamp, og dette blir ein slags 6 poengskamp som gjer at vi kan riste av oss dei og nedrykksspøkelset for godt. Trur dette blir eit bikkjeslagsmål, og det blir derfor særs viktig for oss å stå fram og vise musklar. Dette er ein kamp vi skal tørre vinne, ikkje vere redde for å tape – men vi veit no at ingen ting kjem gratis i denne divisjonen.
(Trenar Per Rune Tødenes)

Men Hødd kom tilbake og utligna til 2-2 etter å ha spelt seg igjennom på midten. Og etter 80 minutt er det ein presis Høddcorner som går i tverrleggaren tilslutt. Hødd kom nærmare og nærmare. Tre minutt på overtid skjer så det som ikkje burde skjedd. Eirik Heltne som gjorde ein god Høddkamp puttar ballen imål, og han trur sjølv det var offside. Målet blir likevel godkjent, og Hødd stikker av med alle poenga. Det var ein skuffa Bergsøygjeng som gikk av bana like etterpå.

Spelarbørs:

Sander 6
Slepp inn 3 mål som du ikkje kan gjere noko med, men kanskje kan du vere meir kreativ i pratinga di – dvs dirrigere meir – klare meldingar. Vere enno meir fokusert på egne arbeidsoppgåver.

Jim 5
Blir litt sutrete i starten av kampen, og verkar usikker på kva du skal gjere,og kva som er dine arbeidsoppgåver – litt ukonsentrert og misser fokus enkelte gonger, fører til 2 store sjansar- der den eine burde blitt mål. Må opp både med humøret og konsentrasjonen om dette skal bli bra,eg veit du kan.Viktig at du fokuserer på kva du kan gjere og ikkje kva andre gjer feil.Manglande grunntrening gjer deg skadeplaga,men håper at ein sommar med trening skal hjelpe på dette.

Ulrik 7
God i 75min,men blir mektig sliten på slutten. Dette fører til at vi misser dirrigenten f4 siste delen, og får problem med å kome oss ut, men avstanden innad f4 blir også for stor. Noko trening hadde nok retta på dette.

Harald 7
Synest at du og Ulrik opplever stort sett det same her.

Andreas 7
Gjer veldig mykje bra, og synest at du fungerer godt på plassen – sjølv med manglande erfaring. Glipp vel skikkeleg berre ein gong.

Daniel Sandvik 6
Jobbar og står på, men får ikkje same arbeidsroa som du har fått tidlegare – her må det jobbast hurtigare med ballen i beina. Men du er kreativ og ser heile tida etter løysingar, fortset slik.

Aleksander 8 BB
Synest at du gjer jobben din, og er heile tida der du skal vere. Lagar eit flott mål – fortset slik.

Kjetil 8
Gjer ein fantastisk jobb for laget, og er heile tida på farten. Men denne gongen burde kanskje heller vore lenger nede i bana mot slutten av kampen, og får også ein del unødige balltap mot slutten – misser den litt lett (kan vel ha med at du begynner å bli gåen).

Jøsse 7
Godt synleg og gjer ein god jobb + du lagar mål. Synest at du også forsvinn utover i kampen, eller blir mindre synleg den perioden der du vanlegvis brukar vere mest synleg.

Ole Magnus 7
Synest du gjer ein veldig bra jobb på kanten og er heile tida ein trussel der. Litt meir problem når du kjem ned på beckken.

Frank Sverre 7
Gjer ein god kamp, der du heile tida prøver å kome laus frå to gode og aggressive ms. Meir bevegeleg enn du har vore på lenge – godforma er på veg,la vi få sjå det mot Brattvåg.

Peter og Ole Magne inn på slutten av kampen utan at dei set sitt preg på kampen.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat