Kampreferat 2011:

Bergsøy skuffa mot Stranda

Bergsøy - Stranda 0-2 (0-2)


16.april 2011
Bergsøy Kunstgras

Darius Zutautas

Darius Zutautas

205 tilskuerar


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt


Vestlandsnytt


Vestlandsnytt

Kampreferat

Det blei ein nedtur heime mot Stranda etter to gode kampar, først sigeren borte mot Brattvåg og deretter cupsigeren mot Skarbøvik. Stranda kom til Fosnavåg og scåra to mål utan å sleppe inn, og dermed gikk alle tre poenga til bortelaget. Det første målet til Stranda kom på ein kontroversiell måte, og det andre målet kom like før pause på eit straffespark som også gjorde at Darius Zutautas blei utvist. Med 0-2 til pause og ein mann mindre for Bergsøy blei det ein vanskelig dag.

"-Det er vanskelig å vite kva som skjedde idag. Vi visste at Stranda ville legge seg lavt og kompakt. Det blei for oppjaga, og vi kom aldri igang med dei rette bevegelsane". (Bergsøy kaptein Kjetil Paulsen)

Bergsøy hadde eit spelesmessig overtak sjølv med 10 mann etter pausen, men klarte ikkje å kome til gode sjansar. Stranda hadde eit solidt forsvar, og hadde ikkje dei største problema med å rydde opp mot slutten for å sikre seg sigeren. Men kampen kunne ha vært ein heilt anna, for heilt fra start av så kom Bergsøy greitt igang. Kampens første sjanse var det Peter Daniel Baade som hadde etter nokre få minutters spel, men skuddet gik like utanfor krysset. Men så kom det da altså ei merkelig scåring etter 12 minutter. Ronny Furseth satte innn målet, men linjedommaren hadde markert for offside. Ballen trillar inn til Bergsøykeeper Nerijus Marcinkevicius som ikkje har fått med seg at dommaren markerte fordel, og keeperen kastar dermed ballen ut til der offsiden hadde blitt markert. Ronny Furseth oppfattar situasjonen og frå 30 meters hald lobbar han ballen over keeper og inn til 1-0. Ein kalddusj for Bergsøy.
(Bildet: Vestlandsnytt)


Like før pause blei det altså meir dramatikk idet Stranda får straffespark. Dommaren meinte at Bergsøy sin forsvarer Darius Zutautas drog ned ein Strandaspelar etter ein corner, og samtidig fekk Darius sitt andre gule kort. Dobbel straff, og 0-2 straffesparket. Ronny Furseth var sikker frå 11 meteren og satte inn sitt andre for dagen. Etter pause satsa trenar Rimantas offansivt og stilte med 3 mann i forsvaret samtidig som han bytte ut Frank Sverre SKorpen med bakromsspiss Gustav Pettersen. Men den største farligheta Bergsøy hadde i den andre omgangen var eit Kjetil Paulsen skudd frå 30 meter som keeperen fista over.
(Bildet: Vestlandsnytt)


Bergsøy stilte med følgande lag:
Nerijus Marcinkevicius, Kestitus Deveika (Fredrik Muren i 17 min), Darius Zutautas, Terje Teige, Ole Magnus Melchior, Aleksander Dahle (Andreas Kurseth 30 min), Kjetil Paulsen, Daniel Kvalsvik, Peter Baade, Frank Sverre Skorpen (Gustav Pettersen 45 min), Ole Magne Rotevatn.

Ubenytta reserver: Sigvald Lillestøl, Jim Kjellstadli, Andrius Petreikis og Andre Lima.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat