Kampreferat 2011:

Uavgjort 2-2 på heimebane

Bergsøy - Averøykameratane 2-2 (1-1)


Kjetil Paulsen, Ole Magne Rotevatn

21.mai 2011

Arild Holm


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Bergsøy har hatt mange nedturar i starten av denne sesongen, men kanskje kan denne oppturen i det 94.speleminutt være med å å snu trenden. Det var altså fire minutt på overtid at Ole Magne Rotevatn dunka inn ballen frå 8 meters hald, og dermed sikra eit velfortjent poeng på heimebane.

"-Eit utrulig viktig poeng ikkje minst psykologisk. Spelarane slit emd svak sjølvtillit, og det er viktig å bryte tapsrekka". (Bergsøytrenar Gullik Kjellstadli som leia laget i Per Rune Tødenes sitt fravær)

Bergsøy ligg i nedrykksposisjon, men har likevel mykje bra fotball i seg. Det er opp til Bergsøy frammover å kjempe seg ut av nedrykkssumpa på samme måte som laget kjempa seg til poeng i denne kampen. For det var ein kalddusj for Bergsøy allereie etter 4 minutt denne gangen, bortelaget scåra etter ein corner. Berre tre minutt seinare var det imidlertid klart for utligning. Daniel Jøsok Kvalsvik forserte fint på venstresida og blei lagt ned innanfor 16 meteren, og Kjetil Paulsen satte kontant inn straffesparket. Etter dette var det ein jamn kamp, og Paulsen var nærme på å sette Bergsøy å leiinga. Også AK hadde sine muligheter, men Bergsøy sin nye keeper Sander Håskjold Nyland var god i mål. 1-1 til pause var eit greitt resultat.
(Bildet: Av Vestlandsnytt. )


Det var mykje stillingskrig også etter pausen, men AK viste seg som eit spelande lag med god teknikk. I det 55.minutter kunne kampen ha endra drastisk karakter, for Øystein Røsand saboterte tydelig spelet på ein måte mange syntest fortjente gult kort. Dommaren var også på vei ned i lomma, men ombestemte seg idet han kanskje fann ut at Røsand allereie hadde gult fra før. Svakt av dommar Holm, meinte Bergsøy der.

Som ekstra salt i såret scåra AK like etterpå. Bergsøy sin midtstoppar Ulrik Wingsternes skulle headde tilbake til keeper, men endar opp med å headde forbi keeper som er på veg utover. Dermed 2-1 til AK på ein sur og unødvendig måte. Men Bergsøy skal ha ros for å aldri gi opp, og kjempa seg hardt tilbake. Innbyttar Daniel Sandvik var med på sluttspurten og la eit innlegg til Andrius Petreikis som headda knallhardt i tverrleggaren, og Bergsøy pøste på mot slutten med offansive spelarbytter. Og fire minutter på overtid kom altså det Bergsøy tilslutt fortjente, mens AK forståelig var frustrerte etter å tape to poeng på kampens siste spark.
(Bildet: Av Vestlandsnytt. Kjetil Paulsen blei dagens Bergsøyspelar og scåra eitt mål, mens Ole Magne Rotevatn scåra det andre. Bergsøy sin nye keeper Nyland gjorde ein god debut på heimebane.)







1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat