Kampreferat 2011:

Målrik heimesiger

Bergsøy - Skarbøvik 2-0 (1-0)


Daniel "Jøsse" Kvalsvik og Fredrik Muren

01.06.2011 19.00
Havila Stadion Fosnavåg

Harald Haugen

Arild Jørgen Holm


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

I sesongens åttande kamp var det endelig klart for årets første heimesiger, kven skulle tru det etter serieåpninga som endte med knallsterke 3-0 til Bergsøy på bortebane? Sist kamp blei det 5-1 siger mot Elnesvåg, og med denne sigeren mot Skarbøvik virkar Bergsøyskuta å være på rett kjøl.

"- Vi vinn på ein middels dag ,og står på i 90 min. Syner at vi har den «gutsen» som skal til for å vinne -gledeleg. Bruker ikkje mykje tid på analyse av kampen, då dette var ein kamp utan det heilt store spelet. SIF var ikkje interesert i å spele fotball, og gjorde det såleis vanskeleg for oss å få til det heilt store spelet – ballen var for mykje i lufta til det. Men vi står på og visar vinnarvilje, det skal vi take med oss vidare".

"Neste kamp er Eidsvåg, og dei har enno ikkje teke poeng. Dette blir ei utfordring for oss!!!! Om nokon av dåkke skulle beggynne å tru at vi no har kome oss ut av eit uføre, er det først etter denne kampen vi kan snakke om at vi har klart dette".
(Per Rune Tødenes)

(Bildet: Vestlandsnytt)


Bergsøy gjekk offansivt ut og tok ledelsen alt etter 7 minutt. Peter Daniel Baade slo ein presis corner til Daniel Jøsok Kvalsvik som headda hardt via ein SIF spelar og bak ein utmanøvrert keeper. Lite etterpå var Terje Teige nærme på å øke ledelsen. Etterkvart blei det jamnare, men det ebba ut med 1-0 til Bergsøy til pause.
(Bildet: Vestlandsnytt)


Etter pausen satte SIF inn måltjuven Tom Erik Olsbø som tidlig var frammpå og nærme ved å utlikne, men Bergsøykeeper Sander Nyland avverga. Det skulle ikkje avgjerast før etter 83 minutt, etter samareid mellom innbyttarane Daniel Sandvik og Fredrik Muren. Sandvik viste fram sin teknikk og finta vekk to spelarar før han la den ferdigscora pasninga til Fredrik Muren. Seinare var Kjetil Paulsen veldig nærme 3-0, men dette skotet traff eit SIF bein.
(Bildet: Vestlandsnytt. Daniel Kvalsvik og Fredrik Muren sit framfor Andreas Kurseth, Daniel Sandvik, Aleksander Dahle og Jim Kjellstadli.)


Spelarvurdering:

Sander Nyland 6
Får seg ein tidleg smell, men beheld roa.Dette smittar over på resten av gjengen, og du syner at du har vorte ein viktig spelar for oss. Gode igangsettingar, ellers ikkje så mykje å henge fingrane i.

Kosta 6
Slurvar litt med enkle pasningar, og synest at du kan engasjere deg meir framover. Men du gjer ein god jobb i duellspelet, der ingen er like tøff som deg.

Terje Teige 6
Lider litt i mangel på trening, noko som gjer at du slurvar noko med pasningane dine – og du får såleis strekk også pga dette. Men du er ein fantastisk duellspelar, og håper at du er kjapt tilbake.

Harald Haugen 6
Meir å gjere her enn i Elnesvågen, og får muligens meir å gjere her – litt slurvete i 1 omg, men tek tak i det i 2 omg, og synest at du styrer betre her. Men det vil nok variere noko frå kamp til kamp, men håper at vi får deg med mest muleg framover – du har god innvirkning på resten av gjengen.

Jim Kjellstadli 6
Tøff i duellane og er aktiv framover, ikkje like lett å finne alternativ framover denne kampen(mangel på løp og initiativ) . Men synest du fortset framgangen,dette ser bra ut.

Peter Baade 5
Anonym denne kampen, blir liggande litt i mellompsisjon. Må engasjere deg meir, by på deg sjølv!!! Veit kva du kan...bruk det

Kjetil Paulsen 6
Du jobbar og slit som vanleg, men synest du brukar for lang tid med ballen denne gongen. Pasningane og vala dine synest ikkje er like bra som forrige helg, men dette skal vi få justert til helga.Vil sjå deg enno meir høgare i bana.

Alexander Dahle 7
Synest du gjer ein fantastisk ryddejobb, og er tøff og respektlaus i duellspelet – nok ein god kamp. Men du bør fortsatt fokusere på løysingar framover i bana......

Daniel «Jøsse» Kvalsvik 7 banens beste
Lagar mål og er stadig på farten, og reddar oss i kanskje den mest avgjerande situasjonen i kampen. Du tek duellar og er eit aktivum framover og bakover, fortset slik – dette lovar bra.

Andreas Kurseth 6+
Er på gang, sjølv om eg veit at her er meir å hente. Spesielt intensiteten i avslutningane dine, eg forventar meg ein enno meir aggressiv Andreas etterkvart. Motorkrafta aukar frå gong til gong, og ser at du er på gang.

Frank Sverre Skorpen 5
Startar bra, men forsvinn meir og meir, Blir for stilleståande, og er liksom aldri der du skal vere når ballen kjem i posisjon. Vanskeleg kamp, men derfor viktig at ein tek jobben i slike kampar.Ny kamp laurdag.

Darius
Kjem inn og syner at du har eit godt fotballhovud, sterk og tøff i duellspelet. Kanskje litt for aggressiv i enkelte høve, viktig at vi klarar å halde formasjonane når vi blir pressa. Fortset slik, du blir ein viktig mann.

Fredrik Muren
Kjem inn lagar mål og set opp Kjetil til ein 100%. God innsats, men kan nok verte enno tøffare i duellspelet. Flink å vinne ballen, men så rotar du den vekk igjen – bli flinkare å orintere deg tidlegare og vere konsentrert med adresse på pasningane dine.

Daniel Sandvik
Syner at du har spesielle egenskapar og eit godt fotballhovud – du har ein litt spesiell teknikk som gjer det vanskeleg å ta frå deg ballen – smtidig som det verkar som du har god orienteringsevne.Kan bli viktig for oss om du berre vil......

Viktige spelarar som ikkje fekk sleppe til denne gongen, Ole Magne-Andre,Gustav og Sigvald. Stå på vidare, vi kjem til å ha bruk for alle gjennom sesongen.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat