Kampreferat 2011:

Bergsøy med sin sjette strake

Volda - Bergsøy 0-3 (0-1)


Frank Sverre Skorpen, Peter Daniel Baade, Ole Magne Rotevatn

25.06.2011 klokken 16.00
Volda kunstgras

Jim Kjellstadli, Sander Leinebø Ulfstein

Øystein Simon Ytterland

Martin Falkanger


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt/Thomas Sporsheim

Kampreferat

Tekst/foto: Thomas Sporsheim

- Eg var heldig som ikkje blei utvist! Slik konkluderte den tidlegare Volda-keeperen Sander Håskjold Nyland etter Bergsøy sin siger over Volda. Han kunne nemleg fort fått det raude kortet tidlig i andre omgang. I staden heldt han buret reint då Bergsøy tok sin sjette strake siger med 3-0 borte mot grøntrøyene.

– Eg hadde ikkje klaga om dommaren drog opp det raude kortet, og var heldig. Eg skulle skjerme ut ballen, men Voldaspelaren snappa den og eg måtte felle han, fortel Nyland til Vestlandsnytt.

Det var mange som hadde teke turen frå Fosnavåg til Volda stadion for å heie fram Bergsøy til nye tre poeng. Og det skulle bli ein jamn batalje. Peter Daniel Baade kunne gitt bortelaget leiinga tidleg, men avsluttinga gjekk utanfor. Etter dette fekk Volda prøve seg med nokre skot, men anten gjekk ballen over, eller så redda Sander H. Nyland. Etter ein jamn start med få sjansar, tok Bergsøy over litt av banespelet. Men Bergsøy gav bort altfor mange dødballar som kunne straffa seg når Volda har ein høg spiss som fosnavågaren Frantz Frantzen å sikte på. Men keeper Nyland og forsvaret renska unna det som kom gong på gong. Så skulle formspelaren Frank Sverre Skorpen halde fram der han slapp mot Surnadal. Det elektroniske uret synte 23 minutt då han mottok ballen dryge 20 meter frå mål. På ein tiøring vende han opp og plasserte ballen vakkert i motsett kryss. Eit fantastisk mål av veteranen som dermed er oppe i ti mål denne sesongen! Skorpen skildrar målet slik:

– Eg fikk ballen og drog den bakover med ei finte, før eg instinktivt plasserte den i lengste kryss. No er forma god, sa måljegeren til Vestlandsnytt etter kampen. Det var også litt temperatur på bana. Duellane mellom Jim Kjellstadli og Frantz Frantzen var det futt over og Kjellstadli fekk også gult kort etter ein oppheita situasjon ute ved sidelinja. Så tenninga var det ingenting å seie på. Målscorar Skorpen kunne litt etter ha auka leiinga etter innlegg frå Ole Magnus Melchior, men headinga gjekk utanfor. Volda hadde trykket i siste delen av fyrste omgang og kunne scora med meir presisjon i siste tredjedelen av bana. Men Bergsøy forsvarte seg godt med Harald Haugen og Ulrik Wingsternes i godt slag. Dermed kunne Bergsøy spasere i garderoba med 1-0.

Bergsøy var klare på at Volda kom til å kome ut til 2.omgang med ei krigersk innstilling, og fekk rett i det. Grøntrøyene pressa Bergsøy særs lavt, og etter berre tre minutt av andre omgang kom den nemnde situasjonen med Sander H Nyland i Bergsøy-buret. Han fekk gult kort for fellinga, men kunne altså fort fått det raude kortet.

Det påfølgande frisparket ebba ut med nok ein corner. Volda pressa på og fekk fleire cornerar. Eit godt skot frå 25 meter blei fista over av Nyland og Bergsøy levde farleg. Eit frispark frå 20 meter blei også blokkert av Bergsøy-muren. Men er ein er i vinden, så er ein i vinden. For etter 57 minutt fekk Bergsøy frispark og då gjorde Peter Daniel Baade seg klar med sin kraftfulle fot. Med eit to-meters tilløp klinte han ballen utakeleg rett i Volda-målet. Eit nytt fantastisk mål som også tok mykje av lufta ut av heimelaget. Ikkje rart at Baade var særs nøgd med scoringa si etter kampen.

– Det var fantastisk deilig. Eg følte at skotet var perfekt med ein gong ballen hadde forlete foten min. Og det var ein særs deilig siger i dag, fortalde Baade til Vestlandsnytt etter kampen. Etter denne frisparkperla blei det mest stillingskrig på Volda stadion med eit overtak for Bergsøy. Ein annan tidlegare Volda-spelar, Ole Magne Rotevatn, kom også inn for Bergsøy. Og han brukte ikkje meir enn tre minutt på å markere seg. Rotevatn spelte fram Skorpen, som tilsynelatande blei felt åleine med keeper. Men Ole Magne Rotevatn var raskt framme på returen og skaut ballen knallhardt i nota frå 10- 12 meter til 3-0 for bortelaget! Dermed var kampen definitivt avgjort.

På slutten fekk også juniorane Joakim Bakke Muren og 17-åringen Martin Falkanger kome på bana. Dette blei Falkanger sin debut.

Ellers var forsvarsarbeidet framifrå, og på topp viste trioen Skorpen, Baade og Rotevatn at scoringsforma er tilstades.

– Eg syns vi er heldige som får målet i andre omgang som drep kampen. For Volda gjekk skikkeleg i krigen og eg føler at vi fyrst blir veldig gode etter drøye timen. Men dei fekk ikkje mange sjansar og eg er særs glad for denne sigeren. Å halde buret reint er også ein bonus, seier Nyland som verkeleg har funne seg til rette i Bergsøy.

– Det er ein kjempegjeng å spele fotball saman med og eg får lov til å tøye mine egne grenser. Noko som er særs bra for utviklinga mi, avsluttar keeperen overfor Vestlandsnytt. Dermed har BIL tatt 18 av dei siste 18 moglege poenga. Og på torsdag venter Hødd 2 på Bergsøy Kunstgrasbane!

Spelarbørs :

Sander 8
Rotar på seg eit tullete kort, ellers er du trygg og god. Slik du framstår no, gjir du resten av f4 den ro og tryggheit dei treng. Veldig bra.

Andreas 7
God og trygg med ball, les spelet godt og plasserer deg lurt – flink framover.Men skal få opp litt frekvensen på fotane – godt gjennomført.

Harald 7
Startar kampen utan oppvarming og gjer jobben utan plett og lyte. Ryddar opp og gjer ting enkelt – trygg. Håper vi får nytte deg vidare framover.

Ulrik 7
Kampspelaren vår, ordnar opp og tek ansvar. Blir dyktig sliten på slutten, og misser litt konsentrasjonen – litt ut av formasjon, men for all del – du gjer jobben.

Jim 5
Når du tek ut frustrasjonen gjennom beina er du ein framifrå fotballspelar, men når du tek ut denne gjennom munnen blir det trøbbel. Snakkar på deg kort, og har tidvis plasseringsproblem. Tydlegvis ikkje dagen din, noko som dei fleste tidvis vil oppleve. Men dette er no historie, men du skal take med deg erfaringane og bruke det til noko positivt – ny kamp torsdag.......

Peter 5
Lagar eit flott mål. Ikkje i di beste form om dagen, ikkje kompis med ballen og har problem med å finne plassen din. Kjem seg utover i kampen, men meiner at du har potensiale som går langt utover det du får synt fram denne kampen.

Daniel S 6
Ikkje heilt kompis med ballen i dag, men du jobbar og står på. Misser ballen for ofte spes i 1.omg- brukar for lang tid med ballen i beina og får ikkje orientert deg tidleg nok - noko som fører til brudd. Ny kamp torsdag....

«Jøsse» 7
Arbeidskamp – ikkje så synleg som vanleg, men du legg ned eit fantastisk stykke arbeid, og tek dei duellane som kjem – viktig å ha ein som går foran i krigen.

Aleksander 8 BB
Synest du har hatt ei formidabel utvikling, og du skjøttar arbeidsoppgåvene dine på ein framifrå måte. Volda får aldri tid til å ettablere noko trøkk på oss, og det er di forteneste. Fortsett slik.

Ole Magnus 7
Lett å fin i kroppen, og har ein del gode inngripenar. Kjem nok til å bli enno meir synleg etterkvart som godforma nærmar seg. Vi må få sette deg opp oftare på kant.

Frank Sverre 8
Spelar ein god kamp, brukar energien di på det du skal, og då er du god. Farleg kvar gong du kjem deg inn i boksa og no ventar Hødd.

Ole Magne
Blir flytta frå startoppstillinga til benken rett før kampstart, og takklar dette på ein framifrå måte. Eit lysande eksempel på korleis energien skal nyttast, kjem inn og spelar ein god kamp. Lagar eit flott mål, og er heile tida på hogget. BRA!!!!!

Joakim
Får deg 15 min og greier deg godt.

Martin
Kjem inn og set deg i respekt med første taklinga, fortset slik.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat