Kampreferat 2008:

Slo Herd 3-2 i Fosnavåg

Bergsøy - Herd 3-2 (1-2)


Joakim Bendal, Harald Haugen, Daniel Kvalsvik

11.September 2008
Bergsøy Stadion

Daniel Kvalsvik

Bjørn Bakkom

50 tillskoderar

: Toni Sandanger og Robert Ulfstein.


Vedlegg til kampen

Ingen vedlegg ennå til denne kampen
Kampreferat

Vi kunne kalle det "vinn eller forsvinn". Herd var på 3.plass, Bergsøy på 4.plass på tabellen. Med tap for Herd i denne kampen ville nok sjølv dei mest positive til opprykk sett at det ville bli vanskelig å ta igjen tetlaga på dei siste fire kampane. Med seier derimot, ville Bergsøy gå opp til 35 poeng, like mange som Norborg på 2.plass og berre ett poeng bak Stranda på 1.plass. Dei to tetlaga har desverre en kamp til gode, men vi skal ikkje gløyme at Bergsøy vil møte Stranda allereie neste laurdag til en virkelig toppkamp av betydning. Vinnaren i den kampen vil ta et godt steg nærmare opprykk, sjølv om Bergsøy ikkje nødvendigvis vil klare å rykke opp sjølv med seier i alle dei resterande kampane.



(Bildet: Tabellen etter kampen..)

Til kampen mot Herd var trenar Tom Beddari fornøgd med stallen sin. Fornøgd med treningane i forkant av kampen, og fornøgd med at det er kamp om plassane på laget. På den andre sida var Thomas Sætre Hauge suspandert grunna tre gule kort, og nokre spelarar var usikre foran kampstart. Dette gjaldt Toni Sandanger (stiv nakke), og begge spissane Joakim Bendal og Gustav Pettersen. Toni måtte gi seg til fordel for Arve Kvalsvik, men spissparet spelte. Robert Ulfstein måtte gi seg grunna strekk på oppvarminga, og det opna opp for Steffen Ulbæk på venstrekanten medan Daniel Sandvik som opprinnelig var tenkt til den rolla måtte ned på venstrebacken.



(Bildet: Gustav Pettersen var tvilsom før kampstart grunna skade, men jobba hardt for laget..)

Sommaren er ennå ikkje over på Sunnmøre, og sola varma godt. Kampstart var 1815, og denne gang var det ikkje mygg på stadion heller. Vi observerte også, eller rettare sagt høyrde, at speakersystemet kanskje har høyrt sine beste dager. Vi roser likevel speaker Oddmund Voldsund for å ta på seg oppgava, og også for ei fin oppramsing av klubbens sponsorar uten at vi skal gå nærmare inn på det. Musikken på stadion har vi høyrt før, og vi lurer på om det kan være på tide med utskiftningar til neste sesong. Men nok fjas og mas.



(Bildet: Herd-dødaren Daniel Kvalsvik var på plass på sentral midtbane..)

Herd viste seg fram som eit svært godt lag sist laga møttest. Den kampen vann Bergsøy 1-0 etter ei god headding av Daniel Kvalsvik. Daniel var med også denne gang, på sentral midtbane ilag med Frank Sverre Skorpen. Vi likar å sjå Frank Sverre på sentral midtbane for Bergsøy, ei rolle som gjer Frank meir involvert i spelet. Her får han utnytta meir si løpskraft og duellstyrke til det beste for laget. Frank vann mange hodeduellar på midten, ein viktig jobb.



(Bildet: Gustav Pettersen på løp tidlig i kampen, men kom aldri til målsjanse...)

Arve Kvalsvik skal også ha meir enn godkjent for sin opptreden i mål. Han tok ned vanskelige ballar frå lufta og holdt dei i fast grep. Rett nok er det derfor keeperar får lov til å bruke armane, men det skal da også gjærast. Og måla var det lite å gjære med for vår sisteskanse denne gangen.

Kampen: Kampreferat.

Om vi får være så frekke å seie det, så lukta det tidlig at Herd ville få det første målet. Bergsøy virka passive og blei baktunge, mens Herd var meir offansive og hadde forsvaret oppe på midtsirkelen, noko som Bergsøy sjeldent var nærme i å gjære sjølv. Dette førte til at Bergsøy slo mykje langt i den første omgangen, litt "drysing" i perioder retta i hovedsak mot sprinterane på topp som hadde i oppgave å jage for livet.




(Bildet: Arve Kvalsvik måtte bruke spensten sin til å fange ballar ned frå himmelen..)

Kaptein Frank Sverre Skorpen var tidlig ute med en kommentar om at han var redd for å sovne, slik høyrdest det iallfall ut som at han sa. For det var noko sløvt, som kanskje varmen skal ta noko av skulda for. Gustav Pettersen hadde Bergsøy sitt første skudd på mål, men nokså ufarlig frå distanse. Herd var noko farligare, men Arve Kvalsvik var trygg med labbane sine.



(Bildet: Mats Inge Teige viser fram helikopter-dansen til Herd spelarane..)

Herd si 1-0 scoring var flott, men du så passivt av Bergsøy. En spelar med gule sko, noko vi anser som ein teknisk spelar, spaserte seg forbi både en to og tre. Det pinlige var at det var samme finta på alle. Leikande lett, og ballen endte tilslutt til ein annan i blå drakt som prikka ballen inn nede ved den venstre stolpen. 1-0, og ikkje uventa sjølv om det hittil hadde vore ganske så sjansefattig.



(Bildet: Duellar i Herd-feltet, men bortelaget var gode defansivt..)

Faktisk, så var kampen stort sett sjansefattig heile veien. Det var ein toppkamp i 4.divisjon, men den 1.omgangen lukta ikkje å være det. Vi såg sleivspark, enkle pasningsmiss, og ein fotball som tok ny høgderekord. Vi berømmer spelarane som turde headde ballen etter at den kom frå 100 meters høgde. Men for all del, vi såg også glimta av det vi håpte å sjå meir av i den 2.omgangen. Ei vending av Mats Inge som lurte bort to Herd-spelarar. Og ikkje minst Joakim Bendal som kanskje var omgangens friskaste på heimelaget.



(Bildet: Jaokim Bendal feirar at han har putta 1-1 scoringa like etter Herd scora 1-0..)

Vi såg ikkje korleis angrepet starta, men idet Joakim fekk ballen med Herd forsvaret på gyngande grunn så satte han fart. Ingen nøling, berre rein springing og putting av ball forbi keeper. Så enkelt, så greit. Og det var rett etter at Herd hadde tatt ledelsen. Viktig. Og Joakim hadde fleire gode løp, og forsøk på å kome til innlegg. Med unntak av Harald Haugen sine tidlige innlegg så var dette mangelvare. Vi håpte på en bedre 2.omgang.

-"Slik laget spelte i 2.omgang er slik laget bør spele heile kampane."
(Tom Beddari etter kampen.)

Før pausa kom så er det en liten ting som er viktig å få med seg. Herd gjekk opp til 2-1. Ballen gjekk høgt inne i feltet, og det var ein Herd-spelar som fekk stå å headde den ned og over mållinja. Arve Kvalsvik slengde seg mot ballen uten mulighet til å rekke tak i den. Tom Beddari varsla at det kunne skje bytter om ikkje tempoet blei bedre etter pausen.



(Bildet: En Herd-spelar får stå litt for aleine og headde inn 2-1 scoringa før pause...)

Og det blei bedre etter pause. Det hadde knapt gått ti sekund før laget fekk frispark rett utanfor Herd si sekstenmeter. Et frispark jobba fram av aggresivitet, noko som skulle bli oppskrifta for suksess utover i omgangen. Dette frisparket rann ut i sanden, men litt seinare i omgangen var det Harald Haugen som frå samme hold skulle få prøve skuddfoten.



(Bildet: Harald Haugen puttar frisparket over muren, og over keeper til 2-2..)

Vi ser det sjeldan at Bergsøy scorar på frispark. Harald har gjort det før, han gjorde det ifjor. Den gang var det meint som innlegg idet ballen gjekk i krysset, men denne gangen meinte han det. Over muren, og over keeper. Det viktigaste: den gjekk under tverleggaren. Med 2-2 var Bergsøy tilbake på sporet av seier. No låg en ikkje lengre under, og en skulle kjempe for å ta ledelsen.



(Bildet: Mats Inge Teige viser fram ei anna mjuk side av seg sjølv..)

Herd hadde sjansar dei også, men trua aldri Arve Kvalsvik særlig etter pausen. Bergsøy hadde heller ikkje mange skdd på mål, så totalt sett er nok 3-2 til Bergsøy noko som en må kalle god uttelling av sjansane for begge lag. For Bergsøy skulle få det siste og viktige seiersmålet, denne gang som resultat frå nok et frispark. Daniel Kvalsvik lukta seg fram til bakerste stolpe, og fekk flikka ballen over mållinja frå ganske så skrå vinkel. Det var kanskje fem minutter igjen av kampen då.



(Bildet: Herd spelar gøymer seg bak Harald Haugen idet kameraet tek bilde..)

Alexander Dahle kom aleine med keeper ikkje så lenge etterpå, men keeperen kom sigrande ut av duellen. Herd på si side kom ikkje nærme utligning mot slutten. Bergsøy vann tilslutt ein jamn kamp, spelte ikkje så mykje bedre men kriga bedre. Joakim Bendal var nærme på å bli tomålsscorar idet han tuppa ballen forbi keeper i 2.omgang, men ballen blei klarert av forsvaret. Bergsøy var mest farlige etter pause, var mest på hugget. Ikkje alle hadde "go-tøtchet" på plass, men var på rett plass for å krige tilbake ballen idet Herd hadde fått tak i den. Det gav 3 poeng.



(Bildet: Frank Sverre Skorpen innehar ei sentral rolle for Bergsøy på sentral midtbane..)




(Bildet: Spelarane kviler armane mens dei ventar på neste løp..)

Måla
Gode mål, blant anna på frispark!.
Spenninga
Bergsøy "måtte" vinne for å halde liv i opprykket.
Underholdning
Jamn kamp som kunne gått begge veiar.
Totalt
Gav ikkje opp, og fekk belønning for det.

 Spillere
 Spiller  Posisjon  Terning  Mål
  Arve Kvalsvik    Keeper        -
  Harald Haugen    Høgre Back        -
  Lars Conradi Andersen    Midtstopper        -
  Mads Sævik    Midtstopper        -
  Daniel Sandvik    Venstre Back        -
  Frank Sverre Skorpen    Sentral Midtbane        -
  Daniel Kvalsvik    Sentral Midtbane        -
  Steffen Ulbæk    Venstre Midtbane        -
  Mats Inge Teige    Høgre Midtbane        -
  Joakim Bendal    Spiss        -
  Gustav Pettersen    Spiss        -
 Bytter
Innbytte: Magne Havnen, Steffen Kvalsund, Anders Per Vaagsholm, Bjørnar GUndersen, og Alexander Dahle.
 Spiller  Av banen  Spiller  På banen






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat