Kampreferat 2008:

Ny knepen 3-2 heimesiger

Bergsøy - Hano 3-2 (0-0)


0-1 Stig Frode Longva (47), 1-1 Daniel J. Kvalsvik (54), 2-1 Joakim Bendal (59), 3-1 Frank S. Skorpen (65), 3-2 Michael Austnes (88)

27.September 2008
Havila Stadion

Jim Andre Dyb


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Det var ikkje det beste været denne gangen, og med ruskette regn og ein mållaus førsteomgang så var det surt på stadion. Og surare blei kanskje enkelte idet Ha/No scåra kampens første mål etter sidebytte. Bergsøy skulle imidlertid komme til hektene igjen og scåra dei tre neste måla. Sett ifrå Ha/No si side var dei for enkle å sleppe inn, men sett ifrå Bergsøy si side var dei akkurat slik dei skulle være.

Ha/No var langt nede på tabellen, men var ikkje noko overkjørsel. Dei hadde også henta heim forsterkningar til denne kampen, og dei skulle bite greitt ifrå seg. Dei traff også tverrleggaren ved eitt høve, og hadde også nokre andre skuddforsøk. Det var gått berre tre poeng ut i den andre omgangen da det første målet kom, og det var Stig Frode Longva som var raskt frammpå etter ein retur på døball. Bergsøy måtte opp med tempoet, og snart klarte ikkje Ha/No å henge med lengre. Tre kjappe mål, der det siste frå Frank Sverre Skorpen til 3-1 blei laga neste ifrå dølinja på eit godt skudd.

Ha/No sitt 3-2 mål skulle komme heilt mot slutten av kampen av Michael Austnes, men elles hadde Bergsøy god kontroll på det som skjedde. Tre poeng til Bergsøy var akkurat som fortjent til slutt.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat