Kampreferat 2008:

Mista opprykk på målforskjell

Bergsøy - Ørsta 4-3


Frank Sverre Skorpen 3, Joakim Bendal

11.Oktober 2008
Bergsøy Kunstgras.

Lars Ove Sletta

Bård Forbord og Helge Tryggestad, begge Sunnylven


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt
Per Moltu

Kampreferat

Det blir 4.divisjon på Bergsøy også neste år etter at alle dei fire topplaga alle vann sine siste kampar for sesongen.

Bergsøy var avhengig av at enten Herd eller Norborg skulle avgi poeng i håpet om å kapre første eller andreplassen på tabellen. Men Bergsøy kom seg heller ikkje denne sesongen opp på ein av dei to øvste plasseringane på tabellen. Men iår var laget fryktelig nærme.

Herd slo Sunnylven med 6-0. Norborg slo Gursken/Larsnes med 9-0 og spikra seg sjølv fast som KM-vinnar samtidig som dei spikra Gursken nederst på tabellen. Vi kan ikkje anna enn å grattulere Herd og Norborg med opprykka!

Herd var gode også ifjor, og klarte iår å halde trøkket ut heile sesongen. Norborg har vore ein outsidar, som etterkvart fann rytma og vinnarsiget som skulle til for å klamre seg fast i toppen dei siste rundene. Stranda var mange sin favoritt, men dei mista opprykket i den nest siste runda med 4-0 tapet mot Vartdal. Bergsøy slo Ørsta, og befesta 3.plassen samtidig som Ørsta blei passert av Ørskog på tabellen.


(Bildet: Sluttabellen 2008 viser at Herd og Norborg blir å finne i 3.divisjon neste år.)



Kampen mot Ørsta.

Bergsoy.com kom til pause, og i ruskeværet var det en forholdsvis brukbar kamp vi blei vitne til. Det var tydelig at Bergsøy satsa alt på å vinne kampen, samtidig som Ørsta ikkje ville gi seg uten ein god kamp. Til pause leda Ørsta med 2-1, vi trur det var Frank Sverre SKorpen som scora målet til Bergsøy.

Og fleire mål skulle Frank Sverre prestere å få plassert bak Ørstakeeperen. Det eine på eit flott frispark over muren, og det andre idet han slengte seg fram og fekk skudd ballen bort i det lengste hjørnet. Ørsta hang på og scora frå skrå vinkel, mens innbyttar Joakim Bendal avgjorde til BIL's fordel og 4-3 seier med ei god gjennomløpning nokre minutter før full tid.



Tabellgrafen 22 runder.

Vår graf viser at Herd låg 18 av 22 runder oppe i opprykkssona, mens Norborg var i opprykksposisjon i 9 av 22 hvorav seks av desse rundene var dei seks siste. Bergsøy var aldri oppe på 1. eller 2.plass iår, mens Stranda "låg i opprykk" i 13 runder før det rakna mot slutten av sesongen.


(Bildet: Årets graf viser at Bergsøy aldri var i opprykksposisjon, og ser vi på fjorårets graf så var den litt lik årets graf for både Bergsøy og Stranda sin del.)

Før sesongen ville nok mange tru at topplaga var Ørsta, Stranda og Bergsøy. Men fotballen snur, og en kan ikkje leve på gamle merittar. Herd og Norborg tok mange nok poeng, og ikkje minst hadde god nok målforskjell, til å rykke opp til 3.divisjon.

Litt bittert å tenke på?.

Bergsøy slo Herd 1-0 borte og 3-2 heime. Bergsøy slo Norborg 8-2 heime. Kort sagt har Bergsøy nivået inne til å rykke opp til 3.divisjon. Men det blei tilslutt for mange poengtap. Mange har hengt seg opp i heimetapet mot Gursken/larsnes som avgjærande, og som klar tabelljumbo så er det klart at Gursken ikkje skal ta poeng ifrå Bergsøy. Men også tapa mot Stranda og Vigra samt fleire poengtap bidrog sjølvsagt til 3.plassen.


(Bildet: Her har vi kombinert litt av Norborg.com si siste nyhet om opprykket, samtidig som vi har lagt inn et bilde frå kampen Bergsøy - Norborg som BIL vann 8-2.)



Ex-Bergsøy spelarar gode for Hareid.

Martin Molnberg har vore kaptein for Hareid denne haustsesongen i keeper Vagn sitt skadefråvær, og blei på Hareid sin avsluttningsfest kåra til Årets Hareidsspelar sesongen 2008. Ein annan tidligare Bergsøyspelar, Per Ståle Nykrem, har også hatt ein god sesong i Hareidstrøya - og var kaptein for laget i årets nest siste kamp då Martin var ute med skade.


(Bildet: Martin Molnberg har hatt mange gode kampar i Bergsøydrakta, og er no sentral for Hareid..)



Åram Vankam fornøgde med sesongen.

-"Oddvin Kragset var den einaste som var på alle treningar og kampar i år, og 49-åringen har fått ein ny vår som spelar".

Åram Vankam har hatt sin beste defansive sesong sidan år 2000. Les meir om kva laget synes om sin eigen prestasjon i årets serie på denne sida.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat