Kampreferat 2008:

5-0 etter 4 Frank-mål

Bergsøy - Åram/Vankam 5-0 (2-0)


Frank Sverre Skorpen (40,44, 61,83), André Lima (88)

Bergsøy kunstgrasbane

Thomas Sætre Hauge, Terje Teige, Anders Per Vaagsholm

Jan Erik Myklebust

: Lars Conradi Andersen måtte utbyttast. : Daniel Sandvik med sin Bergsøydebut
: *; Frank Sverre Skorpen, *; Harald Haugen.


Vedlegg til kampen

Ingen vedlegg ennå til denne kampen
Kampreferat

Pre-match omtale.

Bergsøy sto med 4 poeng på sine to første kampar sesongen 2008, og det var knytta forventningar til at Bergsøy denne gangen mot Åram skulle ta årets første serie-heimeseier. To gangar hadde laga møttast i treningskampar på BIL si kunstgrasbane, noko som hadde ført til 1-1 og 13-0. Bergsøytrenar Tom Beddari hadde tru på at det denne gangen ville bli ein kamp som ville bli jamn og tett, og som trulig ville likne meir på 1-1 kampen enn 13-0 kampen. Han meinte dette var ein god mulighet for spelarane å vise at dei klarer å motivere seg sjølv til å ha den rette tenninga. Frykta var naturlig nok at Bergsøy ville undervurdere Åram etter 13-0 sigeren berre uker i forveien.


(Bildet: Lars Conradi Andersen styrer Bergsøyskuta frå midtforsvaret, og lærar opp Mads Sævik)


I mål sto Toni Sandanger, og foran seg fekk han Fredrik Muren, Lars Conradi Andersen, Mads Sævik og Harald Haugen. Fredrik har dei siste kampane spelt på venstrebacken, men iogmed at Harald Haugen no var klar etter si lyskeskade (som har holdt han borte frå fotballen heile vinteren) så blei det ei omrokkering. Vegard Sævik var uaktuell for denne kampen, og Mads Sævik fekk dermed midtstopparrolla ved sidan av Lars Conradi. På midtbana var Anders Per Vaagsholm tilbake på høgrekanten etter at han sist kamp var borte, og sentralt på midten denne gangen var Bjørnar Gundersen og Gustav Pettersen. På venstrekanten starta Steffen Kvalsund. Spisspar, eller oppspelspunkt og playmaker om du vil, var Frank Sverre Skorpen og Thomas Sætre Hauge.


(Bildet: Frank Sverre Skorpen og Thomas Sætre Hauge startar kampen)


På Bergsøybenken hadde laget denne gangen tilgjengelig følgande spelarar: Knut Erik Håheim, Karl-Bjarte Vike, André Lima, Daniel Sandvik, Daniel Kvalsvik, Dag Gøran Brandal, Magne Havnen, og Terje Teige.

Kampen: Første omgang.

Det hadde regna litt tidligare på dagen, men under kampen var det opplett heile veien. Publikum fann dermed veien til stadion, og det var godt med oppmøte. Enkelte hadde kanskje også fått med seg at Ha/No hadde slått Ørsta dagen før, og at Bergsøy dermed hadde en god sjanse til å få nokre poengs ledelse til en av opprykksfavorittane. Og Bergsøy hadde håpa å spele offansiv god fotball mot Åram/vankam, men før pause blei spelet noko slapt og daft med litt for lite aggresivitet og for lite balltempo.


(Bildet: Den første sjansen i kampen idet Steffen Kvalsund skar innover mot mål)


Bergsøy gjekk rett nok i angrep tidlig, og Steffen Kvalsund sneik seg innover mot 16-meteren og sentra til Frank Sverre (venstre på bildet over) inne i feltet. Denne sjansen skulle det ikkje bli noko av, og det blei for lite bestemt det som skjedde offansivt til tider. Thomas Sætre Hauge hadde ein sjanse etter ei 7-8 minutt, men Åram sin keeper blei satt på for få prøver den første halvtimen. Den største sjansen skulle Åram/vankam få idet ein spelar kom seg heilt igjennom forsvaret og aleine mot Toni Sandanger. Toni Sandanger gjorde her ei ganske god redning, kanskje den einaste han måtte foreta seg gjennom heile kampen.


(Bildet: Dommar Jan Erik Myklebust hadde denne gang med seg linjedommarane Kjell Erik Slinning og Richard Olsen)


Frank Sverre Skorpen skulle så spele Steffen Kvalsund igjennom mot mål, og kantspelaren prøvde å plassere ballen i det lengste hjørnet. Skuddforsøket blei for slappt, og keeper hadde kontroll. Etter 40 spelte minutt måtte kaptein Frank Sverre Skorpen sjølv ta saken i sine egne hender, og etter et fint innlegg frå høgrekanten la Frank ballen først til rette før han skaut kontrollert i lengste hjørnet. 1-0 skoringa gjorde at Bergsøyspelarane kunne få ned nærvane dei eventuellt måtte ha, og det skulle ikkje ta lenge før 2-0 målet følgte etter.


(Bildet: Oddvin Kragset kom inn på bana mot slutten av kampen i en alder av 49 (?) år.)


No skal det seiast at 2-0 målet var eit omdiskutert mål, og ifølge rapportane var det pausens "snakkis" om det skulle være godkjent eller ikkje. Vår "nøytrale" rapportør på sidelinja meinte at Frank Sverre Skorpen som var i offside tydelig viste at han ikkje var delaktiv i spelet idet ballen i bakrommet kom. Åram sine spelarar blei delvis ståande å sjå på linjemannens flaggbevegelsar idet Gustav Pettersen rutinert kjempa og kriga til dommaren eventuelt skulle blåse i fløyta. Fløyta kom ikkje, og framspelet til Thomas Sætre Hauge tok Åram på senga. Hauge forserte mot mål og la mot bakerste stolpe der Frank Sverre Skorpen enkelt kunne breiside inn sitt andre mål for dagen. Dommaren høyrte ikkje på Åram sine protestar. I 4.divisjon er det ofte slik at vi ser dommarene bles idet linjemenn signaliserar, men faktisk er det godt å sjå at enkelte dommarar tek egne valg utifrå det dei sjølv ser.


(Bildet: Daniel Kvalsvik kriga sentralt etter at han kom innpå bana mot slutten av kampen.)


Med 2-0 til pause så kunne Bergsøy være fornøgde resultatmessig. Defansiv hadde Åram komt til svært få sjansar, mens det fortsatt var litt på gå på spelesmessig. Bjørnar og Gustav sentralt på midten blei meir og meir komfortable med sine roller, og Åram skulle snart gå tom for energi.

Kampen: Andre omgang.

Vi må nok seie at kampen fortsatt var åpen på 2-0, og Bergsøy var ivrige på å endelig punktere kampen. Denne punkteringa skulle ikkje kome før etter 61 minutt idet Harald Haugen slo ein presis ball på foten til Frank Sverre i feltet. Frank er kjendt for å halde roa med ball i beina i feltet, og kjippa ballen fint over keeper til 3-0 og endelig 3 sikra BIL-poeng.


(Bildet: Nokon var blide, andre frustrerte etter at Thomas Sætre Hauge fekk gult kort for å ha ropt et upassande ord.)


Dei neste 20 minutta av kampen kom det nokre halvsjansar, men perioda var mest prega av at Bergsøy hadde god kontroll bakover og at det blei foretatt endel bytter. Lars Conradi Andersen måtte ut med skade, og ut gjekk også Mads Sævik idet Magne Havnen og Terje Teige kom inn og danne eit nytt midtforsvar. Tre unødvendige og sjølvpåførte kort til Bergsøy skulle også kome i denne perioda. Terje Teige fekk sitt gule kort etter at Steffen Kvalsund var slurvette med sine ballberøringar, og Terje måtte gjære ein "professional foul" som det så fint heiter. Thomas Sætre Hauge og Anders Per Vaagsholm fekk begge gult kort for å ha ropt ut eit kjønnsord, noko begge spelarane også fekk den første kampen på stadion iår. Dei gule korta førte til at Terje og Anders Per no er oppe i to gule, mens Thomas fekk sitt tredje på dei tre første kampane.


(Bildet: Frank Sverre Skorpen rundar keeper og setter inn sitt fjerde for dagen. )


83 minutt ut i kampen skulle Frank Sverre Skorpen skåre sitt fjerde mål for dagen idet han fekk forsere aleine mot keeper. Ringreven utmanøvrerte keeper fint før han økte til 4-0. Nokre andre spelarbytter skulle også friske opp sluttminutta litt, og Daniel Sandvik erstatta ein for dagen sløv Kvalsund på venstrekanten. Sandvik fekk debuterte dermed for Bergsøy på A-nivå, og hadde eit fint innhopp. To-tre gongar forserte han med sjølvtillit rundt på kanten og slo gode innlegg foran kassa. Eit anna spelarbytte skulle også få uttelling idet Thomas Sætre Hauge blei bytte ut til fordel for André Lima. I sist kamp førte byttet til at Lima fekk straffe berre sekunder etter han kom på bana, denne gangen skulle han sjølv score mål.


(Bildet: André Lima kom inn i sluttminutta og har her scora sitt første obligatoriske Bergsøymål i karriæra.)


Her må vi nok innrømme at vi ikkje fekk med oss heile scoringa gjennom kameraet, og det verste var at det heller ikkje blei bilde ut av det. Uansett var dette André Lima sitt første A-lags mål for Bergsøy, et mål som spelarane unna lagkameraten og no håpar at dette vil være med på å opne opp ketchupflaska. Det er nok av kampar frammover som Bergsøy vil trenge målscorarar i.


(Bildet: Nokre av årets Bergsøymenn. Målscorerane André Lima og Frank Sverre Skorpen flankert av to stykk Daniel. Daniel Sandvik fekk sin Bergsøydebut denne kampen, og Daniel Kvalsvik har iår tatt steget opp til å bli fast i A-troppa.)


Det var eit mål i tillegg til 2-0 målet som blei diskutert mykje både under og etter kampen, og det var 4-0 målet som aldri blei godkjent. Anders Per Vaagsholm utnytta en kort cornervariant til fulle idet han dunka ballen imål ved den borterste stolpen. Eit flott skudd som blei avblåst for offside på ein av spelarane som sto inne i feltet. Det er synd at langskudd som går i mål skal bli annulert for offside på den måten, men slik er dog reglane. Anders-Per har til glede for Bergsøy starta å finne nettmaskene denne sesongen, og det vil også kunne bli viktig frammover.

Kampen: Oppsummering.

5-0 på heimebane vil alltid være godkjent. 3 poeng og seier er det laget håpar å få med seg etter kvar kamp, for skal det bli opprykkskamp så er det ingen andre ting som teller. Desverre for Bergsøy var nok dette Gustav Pettersen sin siste kamp på denne sida av sommaren ettersom han no skal opererast. Bjørnar Gundersen vil også kunne være uaktuell til neste kamp grunna eksamen neste uke. Det blir nok en tøff kamp borte mot Norborg neste seriekamp.


(Bildet: Firemålsscorar Frank Sverre Skorpen er flankert av Åramspelarane Oddvin Kragset og anna kar, med Bergsøys Daniel & Daniel på sidene.)


Toni Sandanger hadde ein feilfri kamp denne dagen, lite å gjære men konsentrert i det han foretok seg. I forsvaret var Lars Conradi Andersen styrande sjef for sin forsvarsstyrke, og gjorde dette bra. Godt var det å sjå Harald Haugen tilbake på venstrebacken, og han var ein av dei aller skarpaste spelarane denne kampen. Solid bakover og målgivande frammover, slik vi såg han i forge sesong. Bjørnar Gundersen og Gustav Pettersen spelte seg varme utover i kampen og var ein vanskelig duo for Åram å forholde seg til. Thomas Sætre Hauge forsøkte seg på scoringar, og kom også svært nærme spessielt etter ei flott kontring i 2.omgang, men det blei berre med forsøka denne kampen. Dagens mann var Frank Sverre Skorpen som med sine effektive bein avgjorde kampen til fordel for Bergsøy.


(Bildet: Ballmann, oppmann og optimist Steinar Hagen var glad og fornøgd etter 5-0 over Åram.)





(Bildet: DAgens Åramslag og byttene som blei utført)


Måla
Frank Sverre viste god effektivitet.
Spenninga
Etter at Bergsøy scora så blei det plankekjøring.
Underholdning
Bra gjennomført, men ingen festfotball.
Totalt
God seier mot Åram.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat