Kampreferat 2009:

850 tillskuerar i 3-1 kamp

Bergsøy - Åmdal 3-1 (1-1)


1-0 Daniel Hatløy (12 min), 1-1 (14 min), 2-1 Terje Teige (78 min), 3-1 Fredrik Muren (88 min)


Bjørnar Gundersen, Joakim Bendal

850 tillskuere


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt


Vestlandsnytt


Vestlandsnytt

Kampreferat

Pre-match omtale.

Velkomne til serieåpning i Fosnavåg til alle med Bergsøy-sympatiar, på ein dag med kick-off, nye drakter, TIFO-show, pauseunderhaldning og masse folk! Vi ønsker også spelarar, trenarar, ledarar og supporterar frå Åmdal velkomne til Bergsøy stadion.

(Bildet: Vestlandsnytt)


Det er tradisjonelt sjeldan Bergsøy og Åmdal har spelt mot kvarandre i seriesamanheng. Sist gong Åmdal var i 4. divisjon var i 1985, og laget har sidan då spelt i lavare divisjonar. Åmdal vann 5. divisjon suverent i fjor, og har eit rutinert og endå betre lag i år. Fleire spelarar med erfaring frå høgre nivå er henta inn, og laget bør ha ei fin muligheit til å kunne redde plassen i 4. divisjon. Vi har hatt ei god sesongoppkøyring i Bergsøy, og gledar oss veldig til å endelig kome i gong med seriespelet. Treningskvardagen har vore veldig bra i vinter, og både spelarar og trenarar meiner vi har hatt god progresjon i vårt treningsarbeid. Vi har ein klar spelestil, og klare rammer for korleis vi skal opptre offensivt og defensivt. Fire månedar er imidlertid kort tid, og vi skal bli betre måned for måned!

Vi har klart å bygge opp ein brei og god spelarstall i Bergsøy. Bevisst har vi valgt å gi dei yngste spelarane sjansen og tillit. Dei rutinerte og etablerte spelarane har i heile vinter blitt pressa, og det har gjort at det no er skarp kniving om å få kome med. Ikkje berre på laget, men også i troppa til kvar kamp. Det er fleire gode spelarar som ikkje kom med i 18-mannstroppa mot Åmdal, og må sjå kampen frå tribuneplass i dag. Det er små marginar mellom å starte kampen, og måtte sjå den frå tribuna for spelarane i Bergsøy denne sesongen. For oss i trenarteamet er det akkurat slik vi ønsker det!

Serieåpning er alltid ein spesiell opplevelse, og sjeldan den mest velspelande kampen i sesongen. Vi veit at Åmdal kjem til å selge seg dyrt i dag, så vi ventar oss ein tøff kamp der vi må være konsentrerte, tålmodige og prestere på maksnivå gjennom 90 minutt. Med god hjelp frå eit stort og entusiastisk Bergsøy-publikum håper vi det er nok til å ta tre poeng. Lat oss få høyre dokke! God fornøyelse!






850 tilskodarar såg Bergsøy vinne

Bergsøy gjennomførte spelemessig ein langt under pari kamp då laget serieåpna mot Åmdal, men drog likevel iland sigeren foran heile 850 tilskodarar på kunstgrasbana onsdag kveld. Med 700 mennesker på eit vellykka kick off i forkant. Innmarsj til "we are the champions" med 10 bengalske lys tent, og 850 tilskodarar som omkransa kunstgrasbana, var ramma perfekt foran kampen. Takk til Blåsarane, supporterklubben til Hødd, som i forbrødring med Bergsøy-supportarar holdt TIFO-showet under innmarsjen.

(Bildet: Vestlandsnytt)


Spelarane var imidlertid prega av alvoret. 1. omgang var eit langt gjesp for tilskodarane, og VM i feilpasningar. Rett nok gav Daniel Hatløy Bergsøy ledelsen etter 12 minutt etter gjennomspel og åleine med keeper, men berre to minutt seinare utligna Åmdal på frispark. Utenom dette skjedde det svært lite foran begge mål, og pauseresultatet var 1-1. 2. omgang var langt bedre for Bergsøy, som spelte Åmdal lavare og lavare i bana utover i kampen. Men det var likevel ein dødball heimelaget scora på etter 78 minutt. Daniel Sandvik fekk kreditert scoringa, sjølv om Terje Teige sjølv hevda han var sist på ballen. Med to minutt igjen å spele kom kampens finaste mål. Fredrik Muren starta starta angrepet, kom på eit djupt løp, og avslutta innlegget med pannebrasken til 3-1 til Bergsøy. Det store publikumsoppmøtet og tre poeng var det som varma i dag! Les meir om kampen i fredagens Vestlandsnytt. Takk til alle tilskodarar for ei fantstisk ramme rundt kampen!

Laget: Tony Sandanger; Fredrik Muren, Lars Conradi Andersen, Terje Teige, Harald Haugen; Bjørnar Gundersen (Jim Kjellstadli fra 45 min), Aleksander Dahle (Mats Inge Teige fra 70 min), Daniel Sandvik (Stian Zahl fra 88 min), Joakim Bendal (Anders Per Vågsholm fra 85 min), Frank Sverre Skorpen, Daniel Hatløy (Andre Lima fra 80 min).

Ikke benyttet: Kim Rene Vågeskar, Egzon Abazi

Fleire bilder
























1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat