Heimetap mot Hareid

Måla
Hareid var effektive.
Spenninga
Potensielt meir spennande enn det blei
Underholdning
Dårlig vær gjorde finespelet mindre.
Totalt
Ei grei gjennomkjøring av spelarar.
Bergsøy - Hareid 1-3 (0-2)

: Steffen Helsem Kvalsund
:
:
15 tilskuarar
: xx,
: Anders Per Vågsholm (Smell under oppvarminga).
: Første Bergsøykamp til Leiv Sindre Muren.
: 2: Mads Sævik, 1: Egzon Abazi,

Laurdag den 16.februar 2008 på Bergsøy kunstgrasbane.

Pre-match omtale.

(Bildet: "Gjett kva eg har i handa da Frank!")


Da var det på tide med årets andre treningskamp, og denne gangen var det Hareid som kom på besøk til Bergsøy si flotte kunstgrasbane. Etter 2-2 og variabelt spel mot Ørsta så kunne en håpe på årets første seier, men Hareid har siste åra opparbeida seg ein sterk tropp til si kjemping i den øvre halvdelen av 3.divisjon. Heilt fulltallige var likevel ikkje nokon av laga denne gangen, og vi la til merke at Hareid mangla to tidligare Bergsøyspelarar i Per Ståle Nykrem og Martin Molnberg i tilleg til langtidsskada Ronny Jørgensen. Også Bergsøy har spelarar ute med skada i Harald Haugen og Terje Teige, mens forge kamps kaptein Vegard Sævik denne gangen måtte melde pass på bakgrunn av sjukdom. Målscorar i sist kamp, Gustav Pettersen, var heller ikkje tilgjengelig denne gangen.

(Egzon: "Vent på meg guttar, ej kjem no".)


Verre blei det også etter at Anders Per Vågsholm måtte melde pass allereie på oppvarminga, på bakgrunn av ein "smell" i låret. Inn måtte da Bjørnar Gundersen på høgrekanten på midtbana ilag med debuterande Leiv Sindre Muren, det defansive ankeret Dag Gøran Brandal, og Steffen Ulbæk som spelte sin andre kamp i Bergsøytrøya. Ei ganske nykomponert midtbane for annledninga, men det kan en også seie om forsvaret. Frank Johnson spelte også sin andre kamp i BIL-trøya på høgrebacken, og det samme kan vi seie om "heimattkomne" Lars Conradi Andersen. Mads Sævik har derimot aldri spelt midtstoppar før på A-laget, men klarte seg veldig godt. Godt skulle også Egzon Abazi spele på venstrebacken. For å framheve litt fakta om det nykomponerte Bergsøylaget: Ingen i forsvarsrekka spelte forsvar hos Bergsøy ifjor, og på midtbana var det to ganske nye bekjentskap samt at dei to andre (Bjørnar og Dag Gøran) ikkje spelte på desse posisjonane ifjor.

Kampen: Første omgang.

Det blir alltid litt kriging i kampane mellom Hareid og Bergsøy, men det blei aldri nokon stygg kamp denne gangen. Det er nok mest på trykk at rivaliseringa skjer for tida, med Hareid si heimeside som framhevar sin klubb samtidig som dei kallar Bergsøy ein middelmådig 4.divisjonsklubb. Bergsøy var ivrige på å vise seg fram, og kom også veldig godt igang. Den første perioda av 1.omgangen var det Bergsøy som var dominerande og pressa Hareid bakover, dette til tross for en ganske sterk og kraftig motvind frå skrå med regn i fleisen. Det blei endel småsjansar og nesten-gjennomspel, men det var ofte den siste avgjærande pasninga som ikkje blei nok presis. Tydelig mot spelets gang kom ei kule ut av intet idet "Kimmen" Kim Tore Husøy igjen fekk vise fram at han har et av Sunnmøre sine mest frykta langskuddbein. Ballen gjekk stang inn, og gav Hareid ein flatterande ledelse.

(Bildet: Steffen Ulbæk biter tenna sammen og krigar mot Hareid)


Scoringar påvirkar ofte spelet utpå bana, og Hareid kom meir med etter dei tok ledelsen. Bergsøy burde likevel ha utligna etter at Joakim Bendal vendte vekk en spelar og la inn foran feltet, men avsluttninga foran mål gjekk høgt og til sides. Vi fekk så sjå Hareid rulle opp nokre fine angrep, og dei var litt flinkare til å benytte midtbanen og kantane på sin ferd opp mot Toni Sandanger. Toni hadde ei fin boksing på et farlig skudd, og klarte å avverge mål også idet ei Hareids-opprulling førte ein Hareidsspelar nærmast 1 mot 1 mot Toni. Spelet bølga fram og tilbake idet regntunge drakter blei springande for å halde varmen, og snart skulle Hareid få litt meir varme innanbords som følge av et nytt skudd av Kim Tore Husøy. Kimmen sitt frispark gjekk lavt og hardt forbi muren, og inne i mølja av fotballbein var det Jon Erik Ertesvåg som fekk styre ballen vidare inn i nettet til 2-0.


(Bildet: Frank Johnson ser at Dag Gøran måpar over flott spel.)


-"Avogtil har vi skuldrane heilt oppe i øyrevoksen". (Tom Beddari meinte kampen var jamn, men at der fortsatt var mykje å gå på)

2-0 til pause meinar vi var flatterande. Hareid er dog eit godt lag og var flinke til å ta vare på sine sjansar, og var også litt flinkare på å benytte dei romma som kom både foran Bergsøy sitt forsvar og ute på kantane. Bergsøy på si side hadde ein frisk Egzon Abazi på venstrebacken som var godt med offasivt, men elles blei det forsøkt mykje igjennom midten med lengre gjennomspel - og om ikkje Hareid stoppa den siste avgjærande pasninga så tok vinden den.

-"Hareid spelte ein særs god 1.omgang, der dei eigde omtrent alt.". (Hareid si heimeside har som vanlig sin eigen synsvinkel på ting.)


(Bildet: Mange rare kast denne kampen, Hareid fekk idømt ett feilkast.)


Kampen: Andre omgang.

Kva vi skulle gjære i 2.omgang var allereie bestemt foran kampen, dette var tross alt ein treningskamp der det er greit å trene på forskjellig. Etter pause satsa dermed Bergsøy litt meir offansivt med å stille med 1 spiss, tre offansive midtbanespelarar, og to defansive midtbanespelarar. Igjen var det Bergsøy som kom klart best igang, og dei første 15 minutta etter pause var det mykje frustrasjon i Hareid sitt lag. Bergsøy pressa høgt og hardt, og klareringane kom alltid tilbake i retur mot Hareid sitt mål. Reduseringa låg i lufta idet Leiv Sindre Muren først knuste ballen i tverrleggaren før kriging i feltet førte til at Steffen Kvalsund fekk prøve skuddfoten drøye 2 meter frå målstreken. Vagn Scheide Mork hadde nok ikkje trudd han skulle få ballen midt på seg ved den annledninga, og det var nok også andre på Bergsøybenken og bana som heller ikkje trudde det dei såg.



(Bildet: Leiv Sindre Muren er Bergsøys Crouching Tiger, Hidden Dragon.)


Presset vedvarte likevel idet Bergsøy fortsatte å skape sjansar. Frank Sverre Skorpen headda like utanfor etter eit innlegg frå venstre, medan Steffen Kvalsund på nytt skulle sjå eit skuddforsøk bli redda idet Mork fista ballen over tverrleggaren til corner. Bergsøy hadde nokre cornerar dette kvarteret, og det blei nokre småfarlige situasjonar. Hareid på si side skulle vise seg å være like effektive som dei var før pause, og scora på sin første corner etter pause. Eliv Tore Howlid var målscoraren.

-"No må vi skjerpe oss Hareid, dinna scoringa fortjente vi ikkje!". (Utrop høyrt ifrå Hareidsbenken)


(Muren: -"Eg tek mannen Bjørnar, du tek ballen!".)


Kampen utvikla seg noko lignande den første omgangen etter at Hareid først fekk mål. Bergsøy mista litt av taket, og Hareid fekk rulle opp angrep etter å ha rista av seg den shaky starten. At vinden og regnværet løya har nok også sitt å seie, det blei meir opplett utover i omgangen. Hareid kom seg til nokre gode muligheter utover i omgangen, men både skudd og headdingar gjekk utanfor stolpane. Nokre offsidar blei det også dømt på. Tilslutt skulle kampen avrundast med at Bergsøy fekk sitt vel fortjente mål. Frank Sverre Skorpen stressa ein hareidsforsvarar slik at Steffen Kvalsund kunne snappen ballen og forsere mot mål. Istaden for å sentre til ein spurtande André Lima plasserte Steffen ballen i det opne nærmaste hjørnet frå ei 13-14 meter. Dommaren blåste av kampen knappe minuttet seinare.

Kampen: Oppsummering.

Hareid vann fortjent slik kampen utvikla seg. Dei scora på gunstige tidspunkt og tok brodden ut av Bergsøy sine gode perioder. Med ledelse og sjølvtillit hadde også Hareid dei finaste opprullingane i kampen, men det Hareid vi såg denne gangen var ingenting å bli redde av. Både Hareid og Bergsøy har nok meir å gå på, og begge lag har fleire spelarar å både ta av og å få "spelt inn". Med redusering til 2-1 tidlig i 2.omgang kunne kampen sett annaleis ut, men Hareid vann denne runda. Ettersom Bergsøy berre hadde ett tap heime ifjor (noko umotivert heime mot Stranda), så er dette faktisk berre det andre heimetapet (serie og treningskampar) sidan 25.august 2006.


(Bildet: Her går rekka for stigningsløp, Ulbæk nestemann..)


-"Ei grei gjennomkjøring, det var et lite hakk opp i forhold til kampen mot Ørsta.". (Tom Beddari etter kampen)

Toni Sandanger hadde ikkje mulighet på dei to siste måla, det første kom ut av intet - så dette såg ej ikkje. I forsvar gjorde alle ein god jobb. Lars Conradi var sjefen i forsvaret, og Mads Sævik imponerar såpass i denne rolla at en ikkje skal sjå vekk ifrå at det er forsvarar han blir på fulltid. Egzon var god til han og Kimmen "måtte" bli utbytta etter at dei kom i en pittbullfight ut i 2.omgang. Den utslagsgivande situasjonen såg ut til å være uforskylt idet spelarane sprang på kvarandre. På midtbana såg vi litt lite av Bjørnar Gundersen, sjølv om han hevdar han eigde høgrekanten. Leiv Sindre Muren ryktast å ikkje være iform, så vi kan berre gle oss til det skjer. Dag Gøran Brandal gjer ein god jobb sentralt, men kan også være ennå djupare i rolla si for å hente ball og hindre mellomrom mellom forsvar og midtbane. Steffen Ulbæk har mykje i seg, og Joakim Bendal gjorde mykje bra i 1.omgang. Frank Sverre Skorpen vann ein god del duellar og var veldig flink i presset denne kampen.


(Bildet: Bergsøy med ny forsvarsrekke, Lars og Mads som gode midtstopparar.)


Hareid spelte med følgande lag ifølge Hareid si heimeside:
Vagn Scheide Mork - Marius Rise (Daniel Hansen frå 60.) - Torgeir Rusten - Ørjan Engen Grimstad - Nikolai Røyset (Eiliv Tore Howlid frå 45.) - Marius Slettebakk (Espen Beiermann frå 60.) - Kim Tore Husøy (Jan Robin Haraldsvik frå 70.) - Jon Erik Ertesvåg - Ruben Kenneth Brandal - Even Hansrud - Remi Helleseth.

 Spillere
 Spiller  Posisjon  Terning  Mål
  Toni Sandanger    Keeper        -
  Frank Johnson    Høgre Back        -
  Lars Conradi Andersen    Midtstopper        -
  Mads Sævik    Midtstopper        -
  Egzon Abazi    Venstre Back        -
  Bjørnar Gundersen    Høgre Ving        -
  Dag Gøran Brandal    Sentral Midtbane        -
  Leiv Sindre Muren    Sentral Midtbane        -
  Steffen Ulbæk    Venstre Midtbane        -
  Joakim Bendal    Spiss        -
  Frank Sverre Skorpen    Spiss        -
 Bytter
 Spiller  Av banen  Spiller  På banen
  Steffen Kvalsund  (45)     xx    (45)
  André Lima  (uti 2.omg)     xx    (uti 2.omg)
  Fredrik Muren  (uti 2.omg)    xx    (uti 2.omg)





1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat