Bergsøy 1-1 mot Volda

Måla
Leiv SIndre Muren med sitt første for Bergsøy.
Spenninga
Det kunne gått begge veiar..
Underholdning
Grei underholdning.
Totalt
Sterkt resultat mot et 3.divisjonslag
Volda - Bergsøy 1-1 (1-1)

: Leiv Sindre Muren
:
:
5 tilskuarar
: xx,
:
:
:

Laurdag den 7.mare 2008 på Volda kunstgrasbane.

Kampomtale.

Bergsøy er i ferd med å bygge opp ein brei og spennande stall framfor årets 4.divisjonsesong. Sist helg blei det 1-1 mot 3.divisjonslaget Skavøypoll, mens det denne laurdagen blei det 1-1 mot Volda på bortebane. Eit oppløftande resultat for øya-laget, ikkje minst med tanke på at BIL i denne kampen mangla 8-9 sentrale spelarar som i høgste grad vil være med på å kjempe om en plass på serielaget.

Dette er ein heilt ny situasjon i forhold til dei 2-3 siste seongane, og det virkar å bli ein knallhard kamp mellom spelarane for å starta kampane. Første omgang mot Volda var jamn og prega av mykje midtbanekjemping. Volda tok leiinga etter ein halvtime, då Bergsøy ikkje greidde å avklare etter ein møljesituasjon. I samband med scoringa blei ein Voldaspelar utvist, men iogmed at dette var ein treningskamp så var Bergsøy mest opptatt av å la Volda så spele med 11 mann, og slik blei det også. Berre fem minutt etter scoringa var laga like langt idet Bergsøy fekk 1-1 målet. BIL lukkast med ein innøvd corner som enda med at Leiv Sindre Muren dunka ballen i nettet. 1-1 gjev eit greitt bilde av den første omgangen.

I andre omgang hadde heimelaget Volda eit lite initiativ frå start, men etter at Gustav Pettersen blei sett ned fra spiss til midtbanespelar tok Bergsøy over kommandoen. Med si løpskraft og agressitivitet greidde Gustav å løfte laget lengre frammover på bana. Mot slutten av kampen bikka den, og det kunne gå begge veiar. André Lima kunne avgjære mot slutten, men var uheldig i dei avgjærande situasjonane, og dermed ebba det ut med 1-1.

Hos Bergsøy greidde forsvarsfiraren seg bra, men frammover er det framleis meir å gå på. Et ekstra pluss til backen Fredrik Muren som kom inn som et friskt pust etter pause. Også veteranen Frank Sverre Skorpen viste at forma er på vei.

Bergsøy spelte med dette laget: Toni Sandanger, Magne Havnen, Vegard Sævik, Lars Conradi Andersen, Frank Johnson, Anders Per Vaagsholm, Dag Gøran Brandal, Leiv Sindre Muren, Bjørnar Gundersen, Frank Sverre skorpen, Gustav Pettersen. Utover i kampen kom følgande spelarar på bana: Arve Kvalsvik, Fredrik Muren, Andre Lima, Håvard Remøy.

Bilder frå kampen.

Alle desse bilda er tatt av Idar Kristiansen, www.voldasupporter.com.

(Bildet er tatt av Idar Kristiansen, www.voldasupporter.com.)

1415 Kampreferat

Kampreferat info

Kampreferat som inneholder bilder

Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat