NM CUP 1979:

Bergsøy videre i cuppen

Bergsøy - Ørsta 3-1 (2-1)


Fred Frantzen 2, Kjell Rønnestad


Bergsøy Stadion


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Det blei ein frisk og underhaldande kamp på sentralidrettsbana idet Bergsøy og Ørsta spelte om ein plass i cuppens tredje runde. Bergsøy sin siger kom etter ypperlig angrepsspel, og heimelaget hadde Ørsta i kne ved flere anledningar. Bergsøy var faktisk nærmare 5-1 enn Bergsøy var redusering.

Ørsta var storfavoritt etter mange sterke kampar i det siste, og det var også dei som kkom best igang. Allereie i åpningsfasa var Ørsta nærme leiing, men Bård Ottesen redda kaldt og rolig på målstreken. Etter kvart kom Bergsøy meir med, og etter omlag 20 minutt blei det 1-0. Kjell Rønnestad la ein perfekt corner som Fred Frantzen nådde høgst på, og ballen gikk inn i vinkelen. Ti minutt seinare var det klart for 2-0. Trond Paulsen forserte med ballen, og det presise innlegget styrte Kjell Rønnestad vidare inn i mål bak ein utspelt Ørsta keeper.

Trond Paulsen hadde ein god mulighet til å øke ledelsen, og elles hadde Egil Vike to store sjansar. Men Ørsta skulle redusere til 2-1 like før pause, på noko som virka som eit ufarlig skot. Ballen endra imidlertid retning, og utmanøvrerte Ray Johannessen i Bergsøymålet. Det sto 2-1 til pause.

Etter sidebytte tok Bergsøy over kommandoen med tette markeringar og fine kombinasjonar. Heimelaget la opp til det eine gode angrepet etter det andre, og blant anna hadde Svein Arne Møller to gode sjansar. Midtveis i omgangen fekk Ørsta nådestøtet. Frantzen fekk ein stikkball og lurte av midtstoppar Rogne og keeper Mork og sette ballen i hjørnet til 3-1. Kjartan Paulsen såg ut til å øke den ledelsen, men blei tvilsomt annulert or offside. Kampen endte 3-1, og Bergsøy er dermed klare for 3.runde i NM.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat