NM CUP 1979:

Klar for 2.runde etter 4.timers 1.runde spel

Rollon - Bergsøy 1-2 e.e.o (1-1)


Fred Frantzen, Kjartan Paulsen


SIF Stadion

Einar Fet


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Etter fire timers førsterundespel mellom Bergsøy og Rollon på SIF stadion ble det endelig klart at det blei Bergsøy som går vidare til 2.runde. Også denne kampen måtte det ekstraomganger til, og klokka var nærmare 22.00 da dommar Einar Fet kunne blåse av kampen. Berre fire minutt tidligare var det Kjartan Paulsen som hadde avgjort kampen med si 2-1 scåring.

I likhet med den første kampen så var det ikke mye festspel. Bergsøy åpna best og hadde si beste periode det første kvarteret. I denne perioden var både Bjørn Myklebust og Kåre Igesund nærme mål, men det var Fred Frantzen som fekk det første målet. Fred gikk igjennom hele forsvaret og satte ballen til sides for keeper etter 15 minutt. Etter scåringa kom Rollon sterkare tilbake, og det var like før pause at stillinga blei 1-1 etter ei headding etter frispark.

Det blei lite sjansar i den andre omgangen, som mest var prega av feilpasningar. Berre sekunder før slutt kunne imidertid Fred Frantzen avgjere, men ballen traff innsida av stolpen og trilla langs streken før keeper fekk tak i den. Så da blei det nok engang ekstraomganger slik som i den første kampen, og Bergsøy var då det førande laget. Fire minutt før slutt ar det Kjartan Paulsen som hadde eit skot frå 25 meter, og ballen fekk ein underlig skru som utmanøvrerte keeperen. Dermed blei det Bergsøyjubel, og laget er klare til å møte Ørsta i neste runde.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat