Kampreferat 1980:

Tap i god kamp mot Ålesund

Ålesund - Bergsøy 1-0 (0-0)


01.06.1980
Kråmyra Stadion

Åsmund Godø

2000 tillskuere


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

En buss full av Bergsøypatrioter dro til Ålesund denne søndagen for å få med seg kampen mellom Ålesund og Bergsøy i 3.divisjon, og totalt var det over 2000 tillskuere på stadion.

Bergsøy leverte sin beste kamp for året og hadde spelet i store delar av kampen, men dei mange sjansane gav desverre ikkje uttelling. Istaden var det Ålesund som klarte å utnytte sin sjanse etter 25 minutt ut i den andre omgangen.

Målet kom etter en del klabb og babb, og tilslutt var det Stein Williams som fekk klemme til frå 7 meter ei kule som Johannes Nørvåg berre høyrte susen av.

Bergsøy fekk sin største sjanse like etter idet Bård Ottesen forserte frå backposisjon og la inn foran mål der først Knut Teige og deretter Trond Paulsen begge hadde muligheten til å sette ballen imål.

Etter at heimelaget gikk opp i ledelsen bytta Bergsøy to spelarar. Asbjørn Myklebust kom inn for Knut Teige, og i eit offansivt trekk blei Bård Ottesen bytta ut med Jack Pettersen. Dette medførte at Bergsøy satsa med tre mann bak i si satsing på å utlikne. Det holdt på å lykkast idet Fred Frantzen sitt skudd frå 15 meter gikk mot mål, men det gikk like utanfor stolpen.

Trass i tapet spelte Bergsøy veldig bra. 17 åringen Ivan Myklebust ser ut til å bli varm i Bergsøydrakta, og Johs Nørvåg spelte feilfritt i målet. Trond Paulsen og Frode Wilhelmsen spelte også flott.

På Ålesund sitt lag spelte midtstopper "Akken" Skuggen best.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat