Kampreferat 1980:

Tornado vann på ujamn bane

Tornado - Bergsøy 3-1 (2-0)


Trond Paulsen

Juni 1980
Refvik Stadion

Ole Sørdal, Selje


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Kampen på Refvik Stadion blei spelt på ei svært ujamn bane, noko som var direkte årsak til at Tornado etterkvart skulle gå opp i 1-0 ledelse. Johannes Nørvåg i Bergsøyburet såg ut til å ha full kontroll over det lause skotet til Steinar Henden, men ballen traff ei tue og endra retning før den trilla over målstreken til 1-0.

Bergsøy hadde inntil målet hatt initiativet i kampen, men etter scåringa tok Tornado meir over. Like før pause kasta Jan Gunnar Televik seg fram og slo ballen imål med arma uten at dommaren fekk med seg dette, og dermed ble det 2-0 til pause.

Tornado skulle ikkje bruke mange minutt etter pausen før det sto 3-0. Denne gangen etter eit fint angrep og mål av Jan Gunnar Televik. Bergsøy skulle nå få det vanskelig å ta igjen heimelagets ledelse, men gjorde eit forsøk likevel. Svein Arne Møller la ein corner etter 75 minutter, og Trond Paulsen headdet den praktfullt imål til 3-1.

Bergsøy hadde endel farlige kontringar mot slutten, men fleire mål blei det ikkje. Tornado vann ein fortjent siger tross to heldige mål. En må seie at heimelaget også hadde ein mer effektiv spelestil på den ujamne bana. Hos Bergsøy var dei fleste eit hakk under par denne gangen.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat