Kampreferat 1983:

Kjartan Paulsen avgjorde

Bergsøy - Langevåg 1-0


Kjartan Paulsen

11.06.1983

Robert Iversen


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Bergsøy kunne lett fått seg ein drøymestart i kampen mot Langevåg etter at dommaren blåste straffespark etter berre 20 sekunder. Det var ingen tvil om straffesparket etter at Fred Frantzen gikk forbi tre langevågarar og den fjerde brukte ulovlige midlar ein meter innanfor streken. Fred Frantzen tok sjølv straffesparket, men måtte sjå at skuddet endte i stolpen.

Det gjekk så ei stund før Bergsøy fekk samla seg igjen, og det kunne raskt vært Langevåg som tok ledelsen. Den kjappe spissen Arne Nordahl fekk to kjempesjansar før det hadde gått 15 minutter. Det første skuddet var Martin Pettersen kjappt nede og avverga. Når Nordahl seinare i kampen fekk ei skade og måtte gi seg så blei det lettare for Bergsøy.

Bergsøy tok snart meir over i den kraftige motvinden, men angrepsspelet var ikkje heilt topp. Uten hjelp frå Langevågforsvaret kunne kampen enda mållaus. Det sto nemlig igjen 8 minutt av den første omgangen da ein forsvarar overraska sin eigen keeper Kjell Sandvik med eit vanskelig tilbakespel, og ballen gikk under keeper og i stolpen. Kjartan paulsen var påpasselig frammpå og satte den inn til 1-0.

Etter pausen var Gullik Kjelstadli frampå med ei headding i fanget på keeper i det femte minuttet, men også i Bergsøyfeltet oppsto det farlige situasjonar seinare i kampen.

Bergsøy gjorde to spelarbytter på slutten av kampen, Bjørn Myklebust tok over for Kjartan Paulsen og Lars Ove Almestad kom inn for Henning Solem.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat