Kampreferat 2010:

Overtidsmål senka Hareid

Bergsøy - Hareid 3-2 (1-2)


Harald Haugen,Andrius Petreikis, Aleksander Dahle

17.09.2010 18.30
Bergsøy KGB Fosnavåg

Terje Teige, Alexander Dahle, Fredrik Muren

Jan Erik Bratteberg

Aleksander Dahle Bergsøys beste


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

17-årige Aleksander Dahle scora vinnarmålet på overtid då Bergsøy vann 3-2 mot Hareid fredag.

Dahle, som var Bergsøy sin beste spelar i kampen, plasserte ballen rolig forbi Hareid-keeperen tre minutt på overtid. Dermed tre nye poeng for Bergsøy, som har vunne 25 av dei siste 31 seriekampane! Kampen starta imidlertid på ein utfordrande måte for Bergsøy. Heimelaget hadde rett nok ballen mest, men var tannlause innanfor 20 meter. Hareid sine målfarlige spissar Skotheim, Jørgensen og Husøy var farlige kvar gong dei nærma seg Bergsøy-buret, og etter 18 minutt leda bortelaget 0-2. For å gjere ting verre, måtte kaptein Kjetil Paulsen ut med hjernerystelse etter å ha vorte albua, men Fredrik Muren kom inn og erstatta Paulsen på ein framifrå måte.

Bergsøy var aldri i nærheita av toppnivået i denne kampen, men laga kunne likevel by publikum på underhaldning i form av duellering, temperatur og spenning i samfulle 90 minutt. Heimelaget begynte utover i 1. omgongen å omsette overtaket i banespelet også i tellande sjansar, og etter 44 minutt var det klart for redusering. Ein innøvd frisparkvariant enda til slutt hos Harald Haugen, som heada ballen i mål. Midtstoppar Haugen, som sjeldan noterar seg i målprotokollen, var forøvrig den som avgjorde kampen mot Hareid på overtid i vårkampen. I pausa gjorde Bergsøy fleire endringar. I det som hadde utvikla seg til ein særs fysisk kamp var det bruk for stål og panser, og dermed var det duka for Lars Conradi Andersen og Terje Teige på bana. Duellsterke Kestutis Deveika vart flytta frå sin backposisjon til sentral midtbane, mens løpssterke og duellsterke Aleksander Dahle og Fredrik Muren vart flytta frå henholdsvis sentral midtbane og back opp som nytt spisspar.

Bergsøy starta 2. omgong godt, og etter 48 minutt sto Andrius Petreikis på bakre stolpe og dunka eit innlegg i mål til 2-2. Heimelaget holdt trykket oppe utover i omgongen, men utan å klare å omsette sjansane i scoring. Hareid kom meir med i kampen siste kvarteret av kampen, og var ikkje ufarlige, men Kim Rene Vågskar i Bergsøy-målet var som vanleg tryggheita sjølv. Tre minutt på overtid dukka junioren Dahle opp og satte inn 3-2, i det som kampen sett under ett var ein fortjent Bergsøy-siger.

Nok ein solid kamp av dei fire Bergsøy-juniorane Aleksander Dahle, Daniel Sandvik, Peter Daniel Baade og Jim Kjellstadli som alle spelte kamp berre tre dagar før, då for juniorlaget som vann 2-1 mot Hødd. Ellers kan vi nok ein gong notere ein kamp der spelarane som kom inn frå benken gjorde manns jobb og var svært delaktig i at det vart tre nye poeng!

Neste kamp er borte mot Hødd2 mandag 27. september.

Laget mot Hareid: Kim Rene Vågeskar, Kestutis Deveika, Harald Haugen, Jim Kjellstadli, Daniel Sandvik, Andrius Petreikis, Kjetil Paulsen (Fredrik Muren i 72 min), Aleksander Dahle, Peter Daniel Baade (Kjell Alfred Otterlei i 14 min), Andreas Kurseth (Lars Conradi Andersen i 45 min), Gustav Pettersen (Terje Teige i 45 min).






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat