NM CUP 2011:

Bergsøy vann 5-3 mot Hareid i NM 1.kvalik

Bergsøy - Hareid 5-3 (2-1)


Frank Sverre Skorpen (2), Peter Daniel Baade, Ulrik Wingsternes, Kestitus Deveika

04.04.2011
Bergsøy kunstgras

Jan Erik Bratteberg

150 tillskuerar


Vedlegg til kampen

Ingen vedlegg ennå til denne kampen
Kampreferat

Det blei ein målrik kamp i Fosnavåg når "noborivalane" braka sammen til cupdyst på kunstgrasbana. Og Bergsøy vann tilslutt fortjent sjølv om Hareid prøvde å komme med ein sluttspurt som kunne gjort kampen enda meir spennande med litt uttelling.

Bilde fra Hareildil.no. Tekst noko omskreva fra samme nettside.

Hareid stilte med eitt av dei beste laga dei kunne stille, med Tore Johan Ytrehauge på plass etter eit lengre skadeavbrekk. Fredrik Aursnes var også tilbake etter ei skade. Men det var Bergsøy som kom best igang og skapte mest i starten av kampen. Bergsøy sin keeper Sigvald Lillestøl hamla opp med Hareid sin første store sjanse i kampen, og da hadde det gått vel 25 minutt. Det var Kim Tore Husøy som avslutta fra skrå vinkel som Lillestøl slo til corner. Det var imidlertid Bergsøy som skulle få det første målet, til Hareid sin frustrasjon. For Hareidsgjengen på sidelinja sto og ropte på dommaren for å få Tore Johan Ytre Hauge inn på bana igjen etter en smell, og hverken dommar eller linjemann fekk med seg dette. Bergsøy utnytta fordelen med en mann meir på bana, og Peter Daniel Baade sitt lause skot gikk via ryggen på ein forsvarer og bak målet til utspelte Vagn Scheide Mork.

Hareid kom tilbake like før pause i det 43.speleminutt. Fra venstrekanten sende Aursnes ein ball inn til Kim Tore Husøy som flikka den vidare til geord Eikrem Olsen som sende ballen i nettaket frå skrått hald. Men det snur fort i fotball, og like etter var Bergsøy tilbake i ledelsen etter ein corner. Kestitus Deveika headda ballen imål til 2-1. Faktisk var Hareid nærme 2-2 på overtida av 1.omgang, men skotet til Lars Henrik Hasund gjekk like utanfor.

Bergsøy starta best etter pausen og etter 50 minutter var stillinga 3-1. Frank Sverre Skorpen kom inn fra venstre side og avslutta godt i det lengste hjørnet. I det 57.minutt virka kampen kanskje avgjort idet Bergsøy var oppe i 4-1 etter at Ulrik Wingsternes dunka ballan imål frå kort hald. I denne perioden var Hareid svake.

Men kampen var ikkje over, og det var fortsatt gnist igjen i begge lag. Etter 61 minutt kom Kim Tore Husøy igjennom or ordna 4-2 og litt mer spenning. I kampens 74.minutt var det klart for heimelagets femte mål for dagen. Hareid protesterte idet dei meinte at keeper Vagn Scheide Mork tydelig blei dytta, men dette ville ikkje dommaren høre på dermed fekk Frank Sverre Skorpen sitt andre mål for dagen. Kampens siste mål var det Hareid som sto for idet klokka var passert 88 minutt. Etter nokre skudd og returar klaffa det endelig for Georg Olsen tilslutt å få ballen imål. Hareid var nærme fleire mål på slutten, men tapte med to.

For Hareid spelte følgande spelarar:

Vagn Scheide Mork, Joar Møller, Joachim Moldskred, Ole André Kragset, Tore Bjørge Mjønes, Fredrik Aursnes, Lars Andreas Folkestad, Tore Johan Ytre-Hauge (kaptein), Lars Henrik Hasund, Georg Eikrem Olsen, Kim-Tore Husøy.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat