Kampreferat 2012:

Endelig tre poeng

Bergsøy - Elnesvåg 3-2 (0-1)


Terje Teige (74), Frank Sverre Skorpen (82), Andreas Johan Kurseth (86)


Andrius Petreikis og Daniel Jøsok Kvalsvik

Robert Eggen

Sander Leine Olsen som vart kåra til Bergsøy sin beste spelar.


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt
Thomas Sporsheim

Kampreferat

Kampen Av: Geir Egil Olsen

Bergsøy vant i dag 3-2 over Elnesvågen/O etter ei nervepirrande avslutning. EOIL tok leiinga 1-0 i første omgang før dei auka til 2-0 tidleg i 2 omgang. Ein sterk sluttspurt av Bergsøy med mål frå Terje Teige, Frank Sverre Skorpen og Andreas Kurseth gjorde at Bergsøy kapra årets første poeng i 3 divisjon.

Bergsøy opna kampen godt og rett etter kampen starta var Bergsøy i angrep. Først ei laus og ufarleg heading frå Daniel Jøsok Kvalsvik. Deretter ei heading frå Frank Sverre Skorpen før Aleksander Dahle si avslutning vart redda på streken. Då var det gått 5 minutt av kampen. Bergsøy kjøyrte på og Daniel J. Kvalsvik tok eit innlegg frå venstre på hovudet, men headinga gjekk over. Så skjer det som ofte skjer. Ein rask EOIL overgang hamna hjå Kristian Benjaminsen. Mens Bergsøy sine spelarar stoppa heilt opp og ropte på offside fekk Benjaminsen all den tid han trengde og sett ballen mellom beina på Bergsøy sin keeper Nyland og i mål. Så datt Bergsøy litt i hop og trykket og engasjeementet frå starten forsvant heilt. EOIL produserte eit par gode sjansar - bl.a. når Kjetil D. Brudeset fekk gå fritt i Bergsøy sin 16 meter, men avslutninga gjekk heldigvis til sides for mål. Like etter var ein EOIL angripar på nytt aleine met keeper Nyland, men denne gangen vart det vinka for offside.

Det var snøkave i delar av 1 omgang. I kampens 39 minutt vert Aleksander Dahle spelt nydeleg i gjennom i midten, men aleine med keeper blir avslutninga for dårleg og EOIL keeper Hoem får redda med ei fin beinparade. Omgangen vart avslutta med eit skot frå Frank Sverre Skorpen som gjekk via ein motspelar og til corner Bergsøy kollapsa litt kollektivt etter at EOIL tok leiinga. Det var ingen (verken på bana eller benken) som tok tak og fekk gitt spelarane ein ny start. Det vart litt mykje ein og ein og litt for lite lag.

Kampen var jamn etter sidebytte. Kestitus fekk fyrt av eit godt skot frå 16 meter. Ballen hadde god retning, men ein EOIL spelar fekk blokkert til corner. Corneren vart slått på bakre stolpe. Der stod Terje Teige utan oppassar. Han fekk breisida ballen mot ope mål, men så dukka det opp ein EOIL spelar og fekk redda på streken. Det som såg ut til å vere ein fair duell på hjørnet av 16 meteren enda i frispark til EOIL og gult kort til Bergsøys Daniel Jøsok Kvalsvik. Ballen vart slått mot bakre stolpe. Der stod EOILs Kristian Benjaminsen og fekk ein enkel jobb med å sette ballen i mål og EOIL leia 2-0. På ein corner til Bergsøy fekk Andrius godt treff. Nok ein gong redda EOIL på streken, sjølv om mange av Bergsøy sine spelarar meinte at ballen var over streken. Linjedommaren var diverre ikkje på høgde med situasjonen. EOIL utnytta frustrasjonen blant Bergsøy sine spelarar og gjekk rett i angrep. Brudeseth var heldigvis upresis og avslutninga gjekk til sides for mål.

Frank Sverre Skorpen kam til nokre avslutningar midtvegs i omgangen. Først ei litt laus heading som keeper fistar til corner. Deretter eit innlegg frå Daniel Sandvik som Frank headar like til sides for mål.

Etter 74 minutt kjem Bergsøy sitt første mål. Bergsøy sitt første frispark i kampen blir slått inn frå høgre. Terje Teige er på bakre stolpe og denne gang breisider han ballen i mål til stor jubel. EOIL kjem gjennom på venstresida etter eit nydeleg gjennomspel men denne gangen vinn keeper Nyland 1 mot 1 situasjonen. Returen vert ekspedert langt over mål. Like etter redder Joakim bakke Muren ei EOIL avslutning på streken. Sander H. Nyland med presist utspel til Frank. Han headar ut til Daniel Sandvik på venstrekanten. Innlegget frå Sandvik er presist og Frank ekspederer ballen i mål på volley. Nydeleg angrep og enorm jubel blant Bergsøy sine spelarar. Like etter avsluttar Fredrik Muren i tverrliggaren. 4 minutt før slutt kjem avgjerdsla. Daniel Sandvik kjem på eit nytt raid langs venstresida. Han legg ut 45 grader til Andreas Kurseth. Han legg ballen fint til rette før han set ballen mellom beina på keeper Hoem og i mål. Dei siste minutta + 6 minutts tilleggstid gjekk med til innkast og til å stagge sutrete EOIL spelarar.

Bergsøy stilte slik: Sander Håskjold Nyland, Kestitus Deveika (Andreas Kurseth i 32 minutt), Terje Teige (kaptein), Ulrik Wingsternes, Sander Leine Olsen - Frank Sverre Skorpen, Andrius Petreikis (Fredrik Muren i 17 minutt), Daniel Jøsok Kvalsvik (Joakim Bakke Muren i 30 minutt), Kjetil Steinsvik Paulsen - Aleksander Dahle, Daniel Sandvik.

På benk: Håvard Bøe, Martin Falkanger, Harald Haugen, Raymond Rachid, Fredrik Muren, Joakim Bakke Muren og Andreas Kurseth






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat