Kampreferat 2012:

Bergsøy med fire mål mot Stranda

Bergsøy - Stranda 4-2 (0-2)


Daniel Kvalsvik (12 min), Ulrik Wingsternes (47 min), Frank Sverre Skorpen (60 min), Alexander Dahle (66 min)



Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt
Thomas Sporsheim

Kampreferat

Førehandsomtale: (Av Stranda si heimeside)

Vi reiser til Fosnavåg lørdag med målsetjing om tre poeng. Ei målsetjing som er ambisiøs med tanke på kor redusert vi kan vere! For og sette tall på dette så manglar vi 14 spelarar mot Bergsøy, grøss og gru kan vi seie, men uansett så held vi på målsetjinga. Vi gler oss veldig til ny kamp, vi har bevisst at vi kan prestere uansett kven som spelar. 2-2 mot Herd og tap 0-1 mot Skarbøvik er ikkje skremmande. Strategen Stig Tore Lied er speleklar for Stranda til denne kampen, etter tre sesonger i Bøler IF (3.div.) Vi ønsker Stig Tore velkomen heim. Iver Ringstad Krohn sesongdebuterer i troppen. Ein debutant er også med, nemleg Magnus Kaldhusdal (17) Han er frå Valldal, men er no bosatt i Tafjord og har hybel på Stranda og er til dagleg på Stranda VGS og toppfotball. Bergsøy stiller så og seie det dei har av seniorspelarar til denne kampen og bør vere soleklar favoritt på heimebane. Vi husker at Stranda spelte ein svært god kamp mot Bergsøy på heimebane, men dette er berre teori no tre månader seinare...

Kampen: (Av Stranda si heimeside)

(Bilde ifra Stranda si heimeside strandafotball.no/)


Vi reiser til Bergsøy med ein ganske så ny tropp. Iver Krohn, Stig Tore Led og Magnus Kaldhusdal er med for førsre gong i år. Det er Frode Hagebakk sin andre kamp. Vi må sette opp laget etter kva som er best for laget og ikkje enkeltspelaren, derfor er det litt ugunstige roller for enkelte.

Svak første omgang:

Bergsøy har skjerpa seg i haustsesongen, men ikkje meur enn at dette er eit lag vi skal kunne ta poeng mot. men ikkje på ein dag då vi roter så til dei grader med ferdigheitsnivået vårt. Bergsøy kunna leda med tre mål til pause, så vi er fornøgd resultatmessig, men svært skuffa prestasjonsmessig eter den førse omgangen!

Slit med enkle ferdigheiter og valg:

Mange spelarar sleit med dei ndividuelle ferdigheitene. Vi skapte tidstrøbbel og fekk deretter trøbbel med og velge dei rette valga. Dette gjeld både kreative og kyniske valg.

Kjedeleg start på andre omgang:

Vi brukte pausa godt og var einige om nokre moment som vi skulle følge. Før Geir og Nilss haadde fått sett seg ned på benken så dundra heimelaget inn 2-0. Det som er så irriterande er at vi mister ballen sjølve i ugunstige posisjoner og får ballen i "fleisen" Vi roter vekk både andre og tredje ball før det vert mål!

Så er vi i støtet:

Rett etter dette så får vi sjå kampens finaste angrep. Martin Espelund vert frispelt på høgre kant, han slår krempasninga in, der Ronnie Furset kjem på eit godt løp og stanger inn redusernga. Flott angrep og mål klasse. Vitaminisnprøyting, det er muleg gutta. Så får vi fleire angrep der vi er neste ajour, vi er i støtet i ti minutt. Men nei, detta var feil:

På dagar då det ikkje vil seg heilt, så får ein sjeldan hjelp frå nokon andre enn seg sjølve. I ein duell på dødlinja der vi meiner så kjempeseriøst at Iver Krohn vert holdt igjen og skal ha frispark, så får han jammen og det dømt straffe mot seg. Det er assistent dommer som tar denne avgjerdsla!! Dette var det siste vi skulle ha av urettferdigheit.

No MÅ vi kome oss heilskinna gjennom kampen:

Vi mista noko av piffen etter straffa og vi får oppleve at Bergsøy spissen finn rom mellom våre stopparar og ruser forbi og kjem aleine med Raimondas, 4-1! Då sei Frode Hagbebakk som dessverre måtte ut med skade tidleg, at no MÅ vi ta fram Stranda mentaliteten og kjempe heilt ut til krampa tar oss. Godt sagt, men det såg ikkje ut til at det var heilt slik ute på bana. Heldigvis så får vi redusert istaden for og få 5-1! tap 4-2 er akseptert utifrå prestasjonsnivået i denne kampen. Men vi reiste til Fosnavåg for og ta poeng og det gjer vi ikkje på slike dagar.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat