Kampreferat 2014:

Storsiger mot Norborg

Bergsøy - Norborg 6-1 (3-0)


Kjetil Steinsvik Paulsen(6), Frank Sverre Kopperstad Skorpen(16), Fredrik Muren(23), Martin Søvik Røren(72), Sander Leinebø Ulfstein(88)(90),

09.08.2014

Steinar Helvig

Jan Erik Bratteberg.


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Veteranane stod for skoringane i 1. omgang medan ungdommen sørga for Bergsøy sine mål i 2. omgan då Bergsøy i dag vant heile 6-1 over Norborg. Dette var kampen Bergsøy måtte vinne og med "kniven" på strupen kjempa laget betre enn på lenge. Allereie etter 5 minutts spel kom den første store sjansen til Bergsøy då Frank Sverre la inn frå venstre. Innlegget gjekk til Fredrik, men han bomma nærast på ballen og Norborg keeper Olsen fekk plukka ballen. Men berre minuttet etter tok Bergsøy leiinga. Jose kom fram langs høgresida. Han fant Kjetil i midten og han sette ballen sikkert forbi keeper og i mål.

Så var det Fredrik som la inn frå høgre, men headinga frå Isak gjekk til sides for frå god posisjon. Så eit nytt innlegg denne gongen frå venstre. Raymond står aleine foran Norborg sitt mål, men han bommer når han skal heada ballen i mål. Etter 16 minutt doblar Bergsøy leiinga si. Jose vender opp og sender ein flott stikkar til Frank Sverre som er på løp. Han når ballen like før Norgorg sin keeper og med ei lang tå klarer han å kippe ballen over keeper og i mål. Deretter var det Kjetil som spelte fram Isak men avslutninga gjekk i nettveggen. 3-0 kom i det 23 speleminuttet då Fredrik "pirka" ballen i mål etter innlegg frå Isak.

Deretter kom det fleire gode Bergsøyangrep som resulterte i brkbare sjansar. Vi kan nevne: Isak til dødlilnja og legg 45 grader ut til Kjetil som avsluttar til sides for mål. Jose skjer inn frå høgre men avslutninga treff ikkje mål. Isak passerer keeper men misser augekontakta med ballen og ein forsvarar kjem i mellom og får klarert. Isak vipper ballen til Fredrik men skotet vert blokkert. Norborg sin første sjanse i kampen kom i det 41 minutt då keeper Jake bommer med ei utboksing, men Kalvø header ballen over mål.

Bergsøys siste sjanse i omgangen kjem minuttet før pause då Jose legg inn til ein umarkert Erik, men han treff ikkje skikkeleg med headinga og ballen går på feil side av stanga. I 1. omgang var det total Bergsøy dominans. Norborg sine spelarar vart springande i mellom og vart gåen. Når bortelaget fekk tak i ballen var Bergsøy sine spelarar raskt i presset og det var sjeldan at Norborg hadde ballen i meir enn 2-3 trekk.

JAMN START PÅ 2 OMGANG

Norborg kom betre førebudd til 2 omgang og starten på omgangen vart jamn. Bergsøy fekk den første sjansen etter 46 minutts spel men Isak si avslutning gjekk via ein Norborg spelar og til corner. Norborgs Kristoffer Hildrestrand såg ei opning i Bergsøyforsvaret i det 51 minutt, men keeper Jake var raskt nede og redda det gode skotet frå 18 meter. Så var det Kjetil sin tur. Han forserte over Norborgs sin banehalvdel og fyrte av eit godt skot frå om lag 20 meters hald. Ballen gjekk i tverrliggaren og ut. Kjetil var også først på returen, men den avslutninga gjekk over mål. Deretter var det Norborg som igjen kom på skothald, men også denne gongen var Jake raskt nede og fekk avverga skortet frå kort hald. Midtvegs i omgangen fekk publikum servert ein ny stor dobbelsjanse. Fredrik kjem seg til dødlinja og legg ut til Kjetil. Avslutninga går i stanga og ut. Jose er først på returen men avslutninga vert redda av keeper.

INNBYTTARANE SLÅR TIL

I det 72 minutt blir den unge innbyttaren Martin (17 år) spelt fri på høgrekanten. Han skjer inn i midten og aleine med keeper gjer han ingen feil og set ballen til venstre for keeper. Bergsøy sin 3 store dobbelsjanse i denne kampen kjem i det 78 minutt. Isak kjem aleine mot keeper som er raskt nede i beina til Isak og redder. Ballen går ut til Kjetil. Han vipper ballen over keeper som er på halvdistanse men så dukkar Norborg sin forsvarar Kjell-Terje Brusdal og hindrar skoring med ei fin avklaring. Ni minutt før slutt kjem 16 år gamle Sander inn for Frank Sverre og sju minutt etter er det klart for 5-0. Sander er på rett stad til rett tid og set eit innlegg i mål frå kort hald. Så går Norborg rett i angrep. Eit frispark blir slått hardt inn foran mål. Ballen går via ein spelar og keeper Jake får gitt til corner frå venstre. Corneren blir slått mot 1 stolpe. Kalvø vinn duellen og set inn Norborg si redusering 6-1 får vi like før slutt. Isak er uselvisk og i staden for å skyte sjølv passer han til Sander som har få problem med å setje den fine pasninga i mål og skorer dermed sitt andre mål i denne kampen.

Det var godt med ein heimeseier etter at dei 6 føregåande heimekampane har enda i 5 uavgjorte kampar og eit tap. Bergsøy produserte ei mengd store sjansar mot eit heller tafatt Norborg lag. Det er klart at skal Norborg berge plassen i årets 3 divisjon må nivået hevast mange hakk. I dag virka mange av spelarane dårleg trent og det går ikkje når ein spelar i denne divisjonen. Fredrik Muren vart kåra til Bergsøys beste spelar i denne kampen av ein publikumsjury. Vi synest at alle Bergsøy sine spelarar stod fram i denne kampen med seriøsitet, stor innsats og vilje til å vinne.

Bergsøy stilte slik: Jake Knight - Raymond Badr Rachid, Darius Zutautas, Erik Ulfstein, Steinar Helvig - Jose Perez Pablo Peralta (Martin Søvik Røren i 19 minutt), Aleksander Dahle, Fredrik Muren (kaptein), Kjetil S. Paulsen, Frank Sverre S. Kopperstad (Sander Leinebø Ulfstein i 9 minutt) - Isak Husøy

Benk: Nerius M, Harald Magne Haugen, Mats Inge Teige, Sami Zemichael, Espen Driveklepp, Martin Søvik Røren og Sander Leinebø Ulfstein.

BERGSØY-laget:

Joseph Luke Wollacott Fredrik Muren, Sveinn Oli Birgisson, Nikolai Røyset, Frank Sverre Kopperstad Skorpen, Øyvind Hagen, Scott Andrew Burgess, Eirik Kristiansen, Thomas Leikanger Skar, Jordan William Blinco, Franjo Tepuric

Innbyttere: Jakob Nerland Thomas Sætre Hauge Peter Daniel Baade Ruben Kvalsvik Martin Søvik Røren Espen Langlo Driveklepp






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat