Kampreferat 1952:

Tidenes første Bergsøykamp

Brattvåg - Bergsøy 2-1 (2-0)


Søndag 3.August 1952

Tidenes første Bergsøykamp


Vedlegg til kampen


Lied-Boka


Lagoppstilling

Kampreferat

Søndag 3.August 1952 spelte Bergsøy sin første fotballkamp i seriesystemet, og det var 3.divisjonskamp borte mot Brattvåg. Begge laga åpna litt nervøst og famlande, og særlig Bergsøy brukte litt tid på å få fart i spelet. Den perioda benytta Brattvåg sin gode ytre høgre til å komme seg fri og sette to mål i den første omgangen. I den andre omgangen kom Bergsøy sterkare og dominerte banespelet heile omgangen, men dei mange farlige sjansane resulterte kun i ett mål. Særlig siste 10 minutta av kampen pressa Bergsøy hardt på for utlikning, og låg konstant rundt Brattvåg sin 16.meter. Med aldri så lite flaks skulle Bergsøy ha utlikna og vel så det, men dommaren blåste av med 2-1 til heimelaget.

Når det gjelder spelarane var Jon Ertesvåg suveren, men vi merka oss også sidehalfen Sigmund Paulsen. Ellers gjorde spelarane sitt beste, og burde som nemnt etter spillet ha vunnet kampen. Men dette var den første, og Brattvåg er reknet for å være ett av dei beste laga i divisjonen, så bedre lykke neste gang.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat