Kampreferat 1952:

Bergsøy vann 5-4 mot Heid

Bergsøy - Heid 5-4


Petter J Pettersen

10.august 1952
Huldalen

Jørgen G Jørgensen

500-600 tillskuere

Tidenes første Bergsøykamp på heimebane. Bergsøy sin første siger.


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt


Lied-boka


Lied-boka

Kampreferat

I 1952 var det klart for Bergsøy sin første sesong med seriefotball. Den første kampen var på bortebane mot Brattvåg 3.august og blei tapt 2-1, mens lagets første heimekamp nokongong var 10.august 1952 mot Heid i Huldalen. At motstandaren var Heid var også spessielt, dette vart eit skikkelig lokaloppgjør. Rundt 500 tillskuerar fekk med seg skikkelig underholdning denne dagen. Lærar Albert Trondstad heldt åpningstalen, og gav so dei laget sine vegne blomar til han som først og fremst har æra for at ein var komen så langt med bana, Peder Worren. Han blei takka for den innsatsen som hadde blitt gjort. Det vart også gitt blomar til formannen Kåre Botn som takk for innsatsen. Sverre Botn tok imot blomar på vegne av dei som i si interesse har ofra mykje av si tid på bana for å få ho i stand. Etter ein høgtidlig åpningsseremoni var det klart for fotball, og Heid kom raskt igang med å sette inn 2-0. Men Bergsøy kom til hektene i en hektisk omgang, og til pause var stillinga 4-4.

Petter J Pettersen ordna jubelen ut i den andre omgangen idet han satte inn vinnarmålet 5-4 til Bergsøy. Tidenes første Bergsøysiger.

Ellers var laga nokso jamne, som resultatet også viser. Best på Heid sitt lag var Dahl og Scheldrup, og på Bergsøy merka Erik Løfoll seg som kanskje banens beste. Sist men ikkje minst var kampen fair, kameratslig og velspelt.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat