Kampreferat 1964:

Uavgjort i ein hard kamp

Bergsøy - Emblem 2-2 (1-1)


Kolbjørn Wickstrøm (18), Eldar Eilertsen

13.09.1964

Gunnar Ellingsen


Vedlegg til kampen


Tabell og lag

Kampreferat

Det var ein hard og tøff kamp der dommaren Gunnar Ellingsen kanskje tillet for mykje hardt spel. Det endte tilslutt 2-2 etter at Emblem hadde sjokkopna med si første scoring allereie i det første speleminuttet. Det var ytre venstre Olav Østrem som satte ballen imål.

Bergsøy utlikna etter 18 min ved s.l. Kolbjørn Wikstrøm som utnytta ei keepertabbe, og 1-1 vart pauseresultatet.

Den andre omgangen starta som den første - med scoring til Emblem. Det var lagets ytre høgre Jarle Reiten som headda inn eit overlegg fra venstre. Utligninga til Bergsøy kom ved ytre venstre Eldar Eilertsen.

Bergsøy spelte dei siste 20 minutta med 10 mann, og det blei en meir hektisk del av kampen der tempoet vart skrudd opp. Emblem pressa på for å avgjere kampen, men klarte det ikkje.

Emblems beste spelar var s.h. Leif Emblem. Hos Bergsøy var det c. h. Kjell Almestad og v.h. Odd Berge som kom best frå det. Elles var laga jamne.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat