Kampreferat 1966:

En dramatisk kamp

Bergsøy - Rollon 4-4 (2-1)


Asbjørn Myklebust, Sverre Botn, Knut Teige, Asbjørn Røsås

04.09.1966

Ola Lillebø


Vedlegg til kampen


Sunnmøre Arbeideravis

Kampreferat

Det blei en målrik og spennande kamp, og målsjansane starta allereie i det første minuttet. Det var då ytre venstre Knut Teige som kom fri, men på den litt lause bana sklei han idet han skulle skyte og ballen gikk like utanfor stolpen.

Den samme Teige var minuttet etterpå frampå med et skudd som keeper halvklarerte. Men Bergsøy skulle få sitt ledermål etter 15 minutter idet det lykkast for senterløpar Asbjørn Myklebust som satte inn 1-0.

Bergsøy fortsatte å halde oppe presset og skapte fleire farlige sjansar før Rollon skulle ta litt meir over. Etter 25 minutt plassserte "Totto" Holen ballen oppe i vinkelen til 1-1 utagbart for keeper Karlsen.

Resten av omgangen varierte spelet mellom begge lag uten at nokon av dei scora fleire mål før Asbjørn Myklebust igjen var på ferde 5 minutt før pause. Asbjørn sitt knallharde skudd frå venstre var slik at keeper ikkje klarte å halde den i fast grep, og ein av løparane til Bergsøy vann ein spurteduell med ein Rollonspelar for å få ballen over streken.

Etter pause stilte Rollon opp uten Løvold, og eit heilt nytt lag møtte opp. Det tok berre to minutt før Magne Holen stakk igjennom forsvaret og netta sikkert til 2-2. Deretter blei det litt klabb og babb i Bergsøyforsvaret som enda med at ein Bergsøyspelar klarte å få ballen i sitt eige nett til 2-3.

12 minutter ut i den andre omgangen var det klart for 2-4 då M.Holen igjen netta sikkert. Bergsøy mista no litt av humøret, men kom sterkare mot slutten. Knut Teige var frampå med 3-4 etter eit godt skot etter møljespel mens Asbjørn Røsås stakk igjennom heile forsvaret og satte inn 4-4.

Bergsøy prøvde å avgjere kampen mot slutten men klarte det ikkje. På Rollon sitt lag var det Magne Holen som var best sammen med s.h i forsvaret. Hos Bergsøy spelte veteranane Sverre Hoff og Sigmund Paulsen ein god kamp, mens Ronald Moen på h.h spelte også godt.

Noko som var litt negativt denne gangen var den usportslige måten publikum oppførte seg på. Det er greit å være patriotar, men når det utartar seg til konstant piping og roping mot dommaren virkar det usmakelig. Dommaren Ola Lillebø frå Volda dømte godt.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat