Kampreferat 1966:

Bergsøy tapte heime

Bergsøy - Spjelkavik 2-4 (1-2)


Sigmund Paulsen, Eldar Eilertsen

20.06.1966

Robert Iversen


Vedlegg til kampen


Tabell og lag

Kampreferat

En sjenerande vind på tvers av bana gjorde forholda vanskelige for begge lag, og det blei ikkje det heilt store spelet denne gangen, iallfall ikkje før pause.

Den første sjansen i kampen kom etter 11 minutt og til Spjelkavik. Høgrevingen Haugen befinner seg pluttselig foran eit åpe mål, men Gunnar Kjelstadli kom susande til og fekk redda unna. Spjelkavik hadde tatt over banespelet, men det blei ikkje like godt futt i avsluttningane. Bortelaget klarte ikkje å utnytte at dei hadde vinden i ryggen før pause.

Bergsøy sin første store sjanse kom etter 29 minutt, og då kunne dei raskt ha gått opp i ledelsen. Bortelagets keeper Jacobsen var ikkje lett å ha med å gjere. Bergsøy kom sterkare med etterkvart, og fekk fram litt av det finspelet som dei kan få til. Det var ganske nærme på at Eilertsen fekk åpna scoringskontoen i kampen etter eit godt angrep med fem trekk som enda med eit knallhard skot, men igjen avverga keeper - denne gangen til corner.

I det 40. min. misser ein Bergsøy-forsvarar totalt å sette foten på ballen, men v. lt. Igesund får beinet ballen til corner. Spjelkavik fekk plaster på såret då corneren gjekk i foten pa v.b. og i mål. Minuttet etterpå hadde Bergsøy ein storsjanse etter møljespel, men det mangla dei få centimetrane som skal til for at ballen skulle vere heilt inne. 4. minutt etter er stillinga 0—2 etter eit mål ved s.l, som smakar sterkt av offside. Domaren Robert Iversen dømte imidlertid mål. Bergsøy går så rett opp frå avspark og reduserer til 1—2 ved Sigmund Paulsen.

I 2.omgang går Bergsøy inn for utlikning, men i staden økte Spjelkavik til 3—1 ved sin y.v. 5 min. seinare var y.v. Eilertsen frampå og reduserte til 2—3 til stor jubel frå tribunane, der heimepublikum øyna sjansen til i allefall poeng. Slik blei det ikkje da Spjelkavik seinare økte på til 4-2 ved venstrevingen.

Keeperane var denne gangen ganske gode, Jacobsen hos Spjelkavik og Karlsen på Bergsøy sitt lag. V.h Røsås på Bergsøy var oggså god, men den beste på Bergsøy var nok Oskar Wåge.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat