Kampreferat 1969:

1-1 mot Volda

Volda - Bergsøy 1-1 (0-0)


Fred Frantzen

10.05.1969
Volda Stadion

Steinar Brautaset


Vedlegg til kampen


Tabell og lag


Avisartikkel


Vestlandsnytt

Kampreferat

Det lykkast endelig for Bergsøy å ta poeng på Volda Stadion, og etter kampen var ferdig kunne begge lag være fornøgd med resultatet.

Den første omgangen endte mållaus, og det var lite sjansar foran mål. Voldaforsvaret passa godt på dei to angriparane Kjartan Fagerlund og Asbjørn Myklebust, mens angrepsrekka til Volda fekk heller lite til.

Då det gjennso 23 minutt av kampen fekk Bergsøy corner på høgresida, og etter mykje klabb og babb smelte Bergsøy sin seriedebutant Fred Frantzen ballen forbi ein utmanøvrert Kristiansen i Voldaburet.

10 minutter seinare lykkast det for Volda å utlikne på eit vanskelig skot langs bakken av Hans Magnus Helset, som i den andr eomgangen vart satt fram i angrepet. Kampen var prega av mykje nervøst og oppreve spel og mange høge ballar.

Dei høge ballane mestra Bergsøylaget bedre enn Volda. Kjartan Fagerlund hos Bergsøy var ein god organisator og han jobba trutt både i angrep og i forsvar. Fred Frantzen på venstrevingen var ein god erstatter for Jack Pettersensom no er medlem av Hødd. Og i forsvaret rydda den ernergiske stopparen Knut Igesund godt opp.

Bergsøy virka i det heile å være langt bedre trena enn tidligare om våren, og kjem nok til å gjere bedre figur i tida framover.

På Volda leverte forsvaret stort sett en god kamp, og særlig Terje Lilleås får god karakter. Det var for lite tyngde i angrep, men virkar bedre enn ifjor da laget kun scora 11 mål på 14 kampar. Dommar Steinar Brautaset fra Åmdal debuterte i 4.divisjo og dømte stort sett godt.

Bergsøy benyttet følgande lag:
Jan kKarsten Myrhol, Knut Igesund, Gunnar Kjellstadli, John Johansen, Sigumd Paulsen, Ronald Moen, Oskar Waage, Fred Frantzen, Jostein Myklebust, Kjartan Fagerlund, Asbjørn Myklebust






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat