Kampreferat 1979:

Verdig avsluttning på sesongen

Kristiansund - Bergsøy 2-1


Fred Frantzen

23.09.1979

Terje Nakken

1500 tillskuere

Jack Pettersen var Bergsøy sin beste spiller


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Bergsøy klarte sesongens mål som var å behalde plassen i divisjonen etter å ha sanka inn totalt 19 poeng og endt på 6.plass på tabellen. Denne siste kampen blei det eit knepent 2-1 tap på bortebane mot topplaget KFK. Når en i tillegg veit at ein har prestert den beste cupinnsatsen i klubbens historie med 3.rundekamp mot sjølvaste Rosenborg er det grunn nok å være fornøgd.

Bergsøy er på mange måtar inne i ei fornyingsfase med godt rekrutteringsmateriell frå juniorlaget som er på stø kurs mot nok eit kretsmesterskap. Bergsøy kan derfor sjå lyst på framtida. Allereie neste år er det grunn til å håpe at Bergsøy kan stille eit slagkraftig lag i divisjonen. Etter ei omlegging av seriesystemet vil det nok bli hardare enn nokon gong. Alt tyder iallfall på at Bjørn Prytz vil halde fram som trenar i samarbeid med veteranen Asbjørn Myklebust, og at dei vil satse for fullt.

I kampen mot KFK kjempa heimelaget om mesterskapet og dei gjekk knallhardt ut. Allereie etter 4 minutt var den første ballen bak keeper Martin Pettersen. Bergsøy sin midtstoppar Bård Ottesen blei nærmast lagt ned i feltet og Kjell Otto Hoel kunne lett gi heimelaget ledelsen.

Etter denne åpninga kom Bergsøy sterkt med og tok over initiativet i kampen. Anført av ein glimrande opplagt Jack Pettersen på midtbana blei KFK pressa bakover på bana. Også Svein Arne Møller skapte fin breidde på vingen og med sin fine teknikk briljerte han med utsøkte pasningar. Bergsøy var nære på å score etter skot av Kjartan Paulsen og Jack Pettersen, og det blei vist oppløftande spel av Bergsøy.

Etter sidebytte gikk KFK rett fra avspark og var nære 2-0 da Ralf Hoseth kom aleine med keeper Pettersen, men keeperen avverga situasjonen. Bergsøy kom så sterkt med i spelet igjen, og dei 1500 oppmøtte frå heimelaget starta å bli urolige. Dei blei ikkje mindre urolige etter at Bergsøy fekk frispark frå 30 meter. jack Pettersen løfta ballen presist på hovudet til Fred Frantzen som stussa over ein utspelt KFK keeper til 1-1. Like etterpå var Bergsøy også nære på å ta ledelsen etter ei forsering av Jack Pettersen, men keeper Bunæs fekk kasta seg og avverga framfor føtene til Trond Paulsen.

Eit kvarter før full tid kom det avgjerande målet då innbyttar Kjell Wik lett kunne sette foten til eit innlegg fra Ralf Hoseth. Mot slutten hadde heimelaget fleire sjansar til å øke, men uten å lykkast.

Dette var ein kamp der Bergsøy var på høgde med topplaget, og kampen kunne ha bikka begge vegar. Anført av sweeper Kjetil Goksøyr greidde Bergsøy si nye backrekke seg godt. Dei andre i forsvaret Kjell Rønnestad, Bård Ottesen og Bjørn Myklebust fortjener også ros. På midtbana var Jack Pettersen den beste sjølv om brødrene Paulsen sleit godt gjennom heile kampen. I angrepet går bestemannsprisen til Svein Arne Møller. Mot slutten kom junioren Arthur Almestad inn på vingen og fekk tid til å markere seg som eit lovande emne.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat