Kampreferat 1982:

Det ville seg ikkje framfor mål

Bergsøy - Træff 1-1 (0-0)


0-1 Hans Olav Byttingsvik, 1-1 Trond Vike

01.05.1982
Bergsøy Stadion

Fred Øie


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Bergsøy burde avgjort sesongens første heimekamp, men det såg ikkje ut til at noko skulle lykkast foran mål denne dagen. Bortelages keeper Leif Arne Frostad var både heldig og god og holdt buret reint lenge, men det må også seiast at Bergsøy burde tatt bedre vare på en del av sjansane.
(Bildet av Per Moltu: Mølje foran målet)


Marvin Arnesen skapte fleire av sjansane ved at han var aggresiv i feltet og ikkje gav opp ein einaste ball. Dette var også slik som skjedde da eit mål ble annulert etter 14 minutter. Marvin presset forsvaret til å gi corner, og corneren fekk han på foten via hovudet til Knut Igesund før den endte i mål. Dommaren og linjemann blei einige om at dette var offside. Det vart faktisk mange offsidar mot Bergsøy utover i kampen som følge av bortelagets offside-taktikk.

I Bergsøyburet spelte Johs Nørvåg, og han var kjapt nede og kontrollerte et forsøk fra bortelagets Tor Oval Thoresen seinare i omgangen.Dette var einaste gangen at Nørvåg blei utfordra før pausen. I motsatt ende hadde keeper Leif Arne Frostad det langt meir travelt. Fred Frantzen lurte blant anna av to mann og sende av gårde eit innlegg, men ingen klarte å få foten på det. Trond Paulsen fyrte også av eit skudd til side for mål, mens Marvin Arnesen var uheldig noko seinare etter ei pasning fra Frode Wilhelmsen. Også Bjørn Myklebust var farlig frampå.
(Bildet av Per Moltu: Dagens spelarar. Målscårarane Hans Olav Byttingsvig og Trond Vike held opp bortelagetskeeper Leif Arne Frostad)


Det blei litt mindre sjansar etter pause, og da Hans Olav Byttingsvik kom fri frå to forsvararar og sette ballen imål frå kort hald kunne en frykte at Træff skulle stikke av med poenga. 11 minutt før slutt fekk Trond Vike ein god sjanse til å utlikne, men satte ballen til side for det åpne målet. Så starta ei kanonade mot Træff-målet.

Sju minutt før slutt gjorde Trond Vike det godt igjen etter bommen etter at keeper først halvklarerte før Trond satte ballen forbi to forsvarerar på streken. Like etter fekk Bergsøy fleire sjansar, og den siste var det Marvin Arnesen som fekk men det blei dømt offside. Det var definitivt Træff som jubla mest over det eine poenget.

Det var ei god bane tross kraftig med regn i en kamp der Johs Nørvåg fekk lite å gjere. Henning Moltubakk spelte konstruktivt og godt på midtbana. Arthur Almestad kom inn for Trond Paulsen mot slutten.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat