Kampreferat 1982:

Kan fortsatt rykke ned

Bergsøy - Langevåg 2-2 (1-1)


1-0 Fred Frantzen (37), 1-1 Ole Bjørn Humlen (40 straffe), 2-1 Fred Frantzen (46), 2-2 Bjørnar Fylling (86)


Bergsøy Stadion

Myklebust


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Det er fortsatt spenning i om Bergsøy held seg i divisjonen eller ikkje etter at laget ikkje makta å halde Langevåg borte frå utligning i slutten av denne kampen. Med siger hadde laget vore klart, men må no ha ett poeng i neste kamp mot Eid for å være sikker på å unnggå nedrykk.

Bergsøy kan takke sin keeper Martin Pettersen for at Langevåg ikkje gikk oppp i ledelsen tidlig, men heimelaget kom seg etterkvart til hektene. Midtveis i omgangen hadde Trond Paulsen og Jack Pettersen gode sjansar til å score, men begge skaut over. Etter 32 minutter hadde Langevåg eit mål inne direkte fra corner, men dommaren dømte annulering på grunn av skubbing i feltet.

Bergsøy tok ledelsen etter 37 minutter da Trond Paulsen kom i fint driv på høgresia, og det flotte innlegget hadde Fred Frantzen berre å sette foten til. Men gleda varte ikkje lenge, for berre tre minutt etterpå blei det eit laust tilbakespel som Trond Fylling kom først på i duell med Martin Pettersen - og dommaren måtte dømme straffespark. Ole Bjørn Humlen satte straffesparket kontant i målet. Like etter hadde Jack Pettersen en ny sjanse til å score, men satte ballen rett på keeper Kjell Sandvik. Bergsøy brukte berre 1 minutt etter pausen før laget var oppe i ny ledelse. Jack pettersen førte opp i angrep og fann Fred Frantzen, og han fann opninga mellom to langevågspelarar som hadde tatt oppstilling på målstreken. Etter dette skapte Bergsøy fleire farligheter, men kampen blei også tøffare i ei periode der dommaren var i ferd med å miste kampen.

For å sikre kontrakta i divisjonen måtte Langevåg utlikne, og det klarte dei fire minutt før full tid. Ei fin headding av Bjørnar Fylling etter dårlig markering på høgresida i Bergsøyforsvaret. Alt i alt ei fortjent utlikning.

Trond Paulsen kjempa godt over heile bana og blei erstatta av Marvin Arnesen da kreftene tok slutt på slutten av kampen. Arthur Almestad fekk prøve seg mot slutten i staden for Paul-Kurt Nerland.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat