Kampreferat 1982:

Fjerde tap på straffer

Bergsøy - Tornado 0-1


22.05.1982

Robert Iversen

Paul Kurt Nerland braut kragebeinet


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Bergsøy har ennå ikkje vunnet en kamp iår, og dette var fjerde tap hittil på straffespark. Det er på grensa til det tragikomiske når resultatet endar opp med det samme i kvar kamp uansett kva Bergsøy prøvar på.

Mot Tornado denne søndagen hadde Bergsøy særlig før pause fullstendig taket på kampen. Kanskje har Bergsøy aldri før hatt så godt tak på vågsøyværingane nokongong. Men trass i friskt spel og et hav av sjansar skulle det gå akkurat som det gjorde mot Clausenengen, Skarbøvik og Fram. Straffespark imot, og tap med ett mål.

Det hører med til historia at Bergsøy tidlig i den første omgangen skulle hatt et straffespark, og det var like klart som det Tornado etterkvart skulle få seinare i kampen. Dommar Robert Iversen såg nok ikkje kva som skjedde da Fred Frantzen vart lagt ned inne i feltet. Det positive er at Bergsøy denne gang spelte friskt og bedre enn i mange av dei andre kampane, og pressa Tornado på defansiven. Martin Pettersen i mål tok seg av Tornado sitt første angrep da Jan Gunnar televik kom seg fri, og han kaste seg uredd inn i situasjonen og avverga.

Etter 15 minutt fekk Fred Frantzen en ball inn i feltet, og gjekk overrende da han fekk seg en trykk i ryggen. Alle venta på fløyta, men den kom aldri. Angrepet vart ikkje avslutta før Trond Paulsen skaut i tverrleggaren og dagens bestemann på Tornado, keeper Leif Arne Berg, slo ei headding fra Arthur Almestad til corner.

Den avgjerande situasjonen skjedde etter 20 minutt. Svein Ove Kvalheim blei felt i duell med Paul Kurt Nerland. Denne gangen sto dommer Iversen godt plassert, og straffetaker Roy Arne Gaustad plasserte ballen utanfor Martin Pettersen si rekkevidde.

Bergsøy gikk friskt ut for å få utlikning, men trass i gode sjansar lykkast det ikkje. Den største sjansen var då Frode Wilhelmsen hadde ei bakoverheadding, men en forsvarar redda med eit byks.

Bergsøy brukte full kvote av spelarar denne kampen. Arthur Almestad blei bytta ut til fordel Marvin Arnesen, og midtveis i 2.omgang kom Gullik Kjelstadli inn ettersom Paul Kurt Nerland fekk seg en smell. Han braut kragebeinet.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat