Kampreferat 1982:

Ørsta tok over kampen

Bergsøy - Ørsta 0-2


05.06.1982


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Bergsøy kom best igang mot Ørsta denne laurdagen, og det var lov å håpe på årets første siger etter det gode spelet første kvarteret. Særlig Bjørn Myklebust og Arthur Almestad viste gode takter på høgresida og lykkast emd det meste. Ørstakeeper Dag Mork var fleire gangar hardt testa, og nokre gongar heldig.

Men så kom kalddusjen. Steinar Skodje fekk gå som han ville frå midtbanestreken og Bergsøyforsvaret rygga og rygga. Idet han kom på skothald var det for seint, og Martin Pettersen berre halvklarerte ballen. Paul Arne Håskjold satte ballen imål til 0-1.

Paul Arne Håskjold var også mannen som scora til 0-2 7 minutt før slutt. Også ved denne scoringa blie forsvaret nølande. Den storvokste spissen klemte til frå 20 meter og Martin pettersen var sjanselaus. Ørsta hadde ytterligare to mål til, men blei annulert for offside.

Travel dag for Bergsøyforsvaret der Knut Igesund som vanlig var den dominerande. I angrepet var Athur Almestad god idet han fekk dei rette ballane å arbeide med.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat