Kampreferat 1983:

Bergsøy leda 2-0 og tapte

Åndalsnes - Bergsøy 3-2 (1-2)


0-1 Trond Paulsen (35), 0-2 Fred Frantzen (40), 1-2 Cato Fostervoll (45), 2-2 Jan Volstad (ca 49), 3-2 Ståle Malones (ca 53)

10.09.1983
Øran Stadion

Per Berge

350 tillskuere


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Før lørdagens kamp mot Åndalsnes hadde ikkje Bergsøy tapt sidan 25.juni, og det såg heller ikkje til å kome denne gangen da Bergsøy hadde ein 2-0 ledelse berre ti minutt før pausen. Tiltross for ein dårlig spelesmessig start opna faktisk Bergsøy resultatmessig bedre enn i nokon av seriekampane hittil denne sesongen - men det holdt altså ikkje heile veien.

Åndalsnes hadde initiativet i det meste av kampen, og gikk hardt ut fra avspark. Arnvid Husøy i Bergsøyburet blei imidlertid ikkje satt på så mange utfordringar. Likevel tok Bergsøy ledelsen, og det var trond Paulsen som fekk ei fin pasning frå broren Kjartan paulsen og scora sikkert frå 14 meters hald.

Like etter var det keeper Walquist som snappa tak i ballen utanfor 16 meteren i en duell med Fred Frantzen, og dommaren Per Berge dømte hands. På frisparket økte Bergsøy til 2-0 etter at Fred Frantzen hadde satt inn ein godt plassert markkryper. Laget som låg under i både spel og sjansar hadde no ledelsen 2-0.

Åndalsnes fekk si fortjente redusering i siste sekund av den første omgangen. Eit frispark vart løfta inn i feltet, og Cato Fostervoll pirka ballen over streken. Det var ein lignande situasjon som gjorde at heimelaget utlikna etter pausen. Eit frispark i feltet, og Jack Volstad fekk satt inn 2-2.

Det tok ikkje lenge før 3-2 målet heller kom. Forsvaret må nok ta skulda her på grunn av manglande sikring. Ståle Malones fekk fri vei mot mål, og det var ingenting keeper Husøy kunne gjere for å rette opp i forsvarstabben. Etter dette kom Bergsøy sterkare tilbake, og Henning Solem hadde sjansen til å utligne då han kom aleine med keeper. Solem vanta for lenge og blei tackla bakfrå.

Best på Bergsøy var Trond Paulsen, og keeper Husøy gjorde heller ingen feil.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat