Kampreferat 1983:

To seine mål gav uavgjort

Rollon - Bergsøy 1-1


0-1 Gullik Kjelstadli (83), 1-1 Otto Kalvø (88)


Aksla Stadion

Trond Paulsen, Roger Furnes

Tor Gundersen


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Om Bergsøy hadde klart å halde på sigeren i nokre minutt til så hadde laget avansert forbi Hareid på tabellen, men slik gikk det ikkje. Begge måla kom heilt på tampen av kampen, og gleda var stor da Gullik Kjelstadli gav Bergsøy ledelsen 1-0 sju minutt før slutt etter eit innlegg fra Fred Frantzen. Gullik møtte innlegget perfekt og brukte skallen til å score sitt første mål for Bergsøy.

Etter det som hadde skjedd tidligare i kampen var det lite som skulle tyde på at heimelaget skulle utlikne, men to minutt før full tid kom keeper Arnvid Husøy på halvdistanse då innlegget frå Rune Eidskrem kom, og Otto Kalvø satte ballen lett imål.

Kampen var ikkje den mest underhaldande, og den første omgangen hadde ikkje ein einaste målsjanse. Det blei noko bedre etter pause, men det meste foregikk på midtbana heile kampen. Bergsøy spelte godt defansivt, men gav lite støtte til dei to på topp. Det blei litt meir fart idet Arthur Almestad tok over for Henning Solem midtveis i omgangen, ettersom Henning fekk lite til å stemme denne gangen. Arthur hadde også ein ball i mål, men blei dømt hårfint offside etter eit innlegg fra Fred Frantzen.

Trond Paulsen hadde også ei mulighet til å sette ballen imål etter innlegg fra Frode Wilhelmsen, men headdinga gikk hårfint over.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat