Kampreferat 1983:

Bergsøy skuffa i heimetap

Bergsøy - Rollon 1-2 (1-1)


1-0 Frode Wilhelmsen (7),

12.05.1983
Bergsøy Stadion

Geir Eidskrem, Knut Teige

Fred Øie


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt


Vestlandsnytt

Kampreferat

Rollon hadde denne kampen to sjansar på Bergsøy Stadion, men det var nok til å ta alle poengene etter at Bergsøy ikkje klarte å prestere noko god kamp. I angrep fekk ikkje noko lag til så mykje, men Rollon vann på at dei var gode på å styrke laget bakover og ta vare på sine sjansar frammover. Bortelaget var også det mest innsatsvillige laget, og hadde kontroll på midtbana. Publikum gikk også ei tid imot dommaren, da det var tidvis noko svak dømming denne gangen uten at det hadde noko å bety for resultatet. Kampen starta tross alt bra, og etter berre 7 minutt var Bergsøy oppe i ledelsen. Knut Teige fann Frode Wilhelmsen med eit fint framspel, og han forserte 20 meter og skaut via ein møtande keeper Kjell Heltne og imål.

Etterkvart blei det imidlertid klart at det ikkje skulle bli så lett, og Rollon tok meir over midtbana. Knut Teige var nær på å øke ledelsen da han møtte eit innlegg fra Frode Wilhelmsen, men keeper var frammpå og hindra scoring. Etter 28 minutt var det klart for 1-1 idet Kjell Pedersen fekk eit hardt skot inn i hjørnet av målet. Det var bortelaget som hadde initiativet fram mot pause.

Bergsøy kom ut på bana litt friskare i den andre omgangen, og ein Rollonspelar var nede på streken for å hindre at Bergsøy skulle gå opp i ledelse. Kampen hardna til, og det gule kortet til Geir Eidskrem burde egentlig vore rødt. Knut Teige fekk også gult kort, og utover såg det ut til at Rollon tok meir tak i kampen. Idet Bergsøy gjorde nokre bytter var det Fred Frantzen som gikk ut og Henning Solem som kom innpå. Like etter måtte Paul Kurt Nerland seie takk for seg etter ein smelli magen, og inn kom Lars Ove Almestad.

Det såg ut til at det gikk mot uavgjort, men Ole Petter Aarsund fekk sjansen da han sto heilt fri i Bergsøyfeltet etter 78 minutters spel, og dermed 2-1 til Rollon. Mot slutten vakna Bergsøy noko, men då var det for seint. Rollon hadde danna ein mur foran målet, og forsøka frå Henning Solem og Knut Teige mot slutten blei effektivt hindra. Kampen ssiste store sjanse fekk Trond Paulsen ved frispark i sluttsekunda, men skotet gikk for høgt.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat