Kampreferat 1984:

Leda 4-1, tapte 5-4, nedrykk

Jotun - Bergsøy 5-4


Fred Frantzen (11,21,58), Marvin Arnesen (25),

07.10.1984

Roy Nedrud


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Etter 14 sesongar i 3.divisjon og ein gjestevisitt i 2.divisjon er no Bergsøy klare for 4.divisjon. Realistisk sett hadde laget små sjansar til å fornye kontrakta før serierunda starta, men etter 5-4 tapet er tabellen et faktum. Bergsøy ender nederst på tabellen sesongen 1984.

Bergsøy kjempa godt lenge mot Jotun og hadde 4-1 ledelse, men gav etterkvart opp idet det blei kjent at dei andre resultata ikkje gikk lagets vei. Jotun sin sluttoffensiv gjorde dermed at poenga gikk til heimelaget.

Som vanlig kom Bergsøy dårlig igang, og alt etter 2 minutt var det klart for 1-0 til Jotun. Jan Erik Luggenes kunne bare skyve ballen i nota etter ein corner. Men etter dette leverte Bergsøy årsbeste der ballen sklei fint i alle ledd, og etter 11 minutter spelte Marvin Arnesen gjennom til Fred Frantzen som satte ballen forbi ein utstormande keeper.

10 minutter seinare var det klart for 2-1 idet Fred Frantzen lurte av ein forsvarer og sende avgårde eit skudd frå hjørnet av 16 meteren som gikk inn via stolpen. Og det stoppa ikkje der. Berre nokre få minutt seinare sto det 3-1 etter at Marvin Arnesen skøt gjennom mange Jotun-bein og i nettet. Seinare var både Lars Ove Almestad, Marvin Arnesen og Tony Pettersen aleine med keeper uten å lykkast.

Bergsøy hadde eit mål til inne, men idet Trond Paulsen headda ballen imål bles dommaren for pause. Målet blei dermed ikkje godkjent.

Etter pausen spelte Marvin Arnesen nok ein gang gjennom til Fred Frantzen som igjen sende ballen forbi den møtande keeperen, og dermed 4-1. Sjølv heimepublikum applauderte for fint BIL-spel. Men då såg det straks ut til at Bergsøy avslutta sesongen, og Jotun kunne starte sitt stormløp mot Bergsøymålet.

I løpet av ein halvtime satte heimelaget fire ballar inn bak Begrsøykeeper Jonny Pettersn som hadde kome inn for ein skada Martin Pettersen like før pausen. Samtidig kom altså meldingane inn om at Bergsøy uansett kampresultat måtte konstantere at nedrykket var eit faktum. Både Gullik Kjelstadli, Ivan Myklebust, Fred Frantzen og Marvin Arnesen var aleine med keeper uten å lykkast i det som var ein offansiv og underhaldande kamp. Eit minutt på overtid gikk Fred Frantzen frå eigen banehalvdel og avslutta med eit skot som traff krysset.

For Bergsøy spelte Lars Ove Almestad og Tony Pettersen godt på midtbana, og framme imponerte Marvin Arnesen med sin fine teknikk og pågangsmot. Alt i alt ein fin sorti av Bergsøy tross nedrykket.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat