Kampreferat 1984:

Bergsøy under streken

Bergsøy - Ny Kronborg 1-3 (1-1)


0-1 Arve Solberg (16), 1-1 Marvin Arnesen (41), 1-2 Arve Solberg (46), 1-3 Sjølvmål

16.09.1984

Arne Reistadbakk

350 tilskuerar

Bergsøy blei sendt under nedrykksstreken


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Ny-Kronborg revasnsjerte tapet i vårkampen, og sendte samtidig Bergsøy under nedrykksstreken. Bergsøy er inne i ei blindgate der feilpasningane florerar, og laget har vanskelig med å kome framover på bana. Det blir tøft å forsvare plassen i serien når det står igjen tre vanskelige kampar.

Bergsøy stilte med 3 juniorar frå start i kampen mot Ny Kronborg, og sjølv om desse klarte seg utmerka blir laget for ujamnt mot meir garva motstandarar. Heimelaget hadde god kontroll på midtbana der den tidligare Brann spelarane Kjell Rune Pederon og Viktor Hauge dominerte.

Det var gjestane som kom best igang, og tok ledelsen etter omtrent 15 minutters spel. Eit innlegg traff Arve Solberg på panna, og ballen gikk i en fin bue over Martin Pettersen i Bergsøyburet. Like etter hadde Ny Kronborg to store sjansar, mens Bergsøy skapte mindre og hadde problemer med å samle lagdelane.

Utover i omgangen blei det litt bedre for Bergsøy, og fire minutt før pausen kom utlikninga frå Bergsøy sin desidert beste spelar Marvin Arnesen. Han trekte seg fri frå 18 meteren og ballen fauk inn heilt nede ved stolperota. Ypperlig scoring. Like etter var Marvin nær ved å gi Bergsøy ledelsen, men skotet gikk til side for mål.

Rett etter pausen var gjestane tilbake i ledelsen på omgangens første angrep ved målscårer Arve Solberg som fekk god tid inne i feltet til å sette ballen imål. Bergsøy gav imidlertid ikkje opp, og Marvin Arnesen var på nytt nærme å utlikne etter eit frispark. Midt i omgangen satte Bergsøy inn Frode Wilhelmsen og Tony Pettersen, og dette gav meir fart i angrepet. Sjansar kom, men det blei for lite besluttsomhet i den siste fasa.

Største sjansen til Bergsøy var det Lars Ove Almestad som fekk etter ei headding, men keeper redda. På slutten kom gjestane til fleire farligheter, før spikeren i kista kom då ein Begrsøy forsvarer satte ballen i eige nett etter eit innlegg fra venstre.

Bergsøy sin klart beste spelar var Marvin Arnesen. Med sin fine teknikk, sjølvtillit og gode fighting-spirit var det han som skapte det meste av konstruktivt Bergsøyspel.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat