Kampreferat 1984:

Tredje strake tap for Bergsøy

Langevåg - Bergsøy 2-0 (2-0)


Erik Salen (12,42)

13.05.1984
Langevåg Stadion


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Spørsmåla er mange etter at Bergsøy tapte sin tredje kamp for sesongen av tre mulige, og trenar Klepp og spelarane må analysere situasjonen. Kampen mot Langevåg var aldri god, og heimelaget hadde stort sett initiativet gjennom heile kampen.

Bergsøy spelte svært trangt og på små område, og med vinden i ryggen i den første omgangen. Tross dette spelte laget seg kun fram til to sjansar. Den første da Trond Paulsen kom til dølinja og la eit innlegg som Paul Kurt Nerland berre var centimeter frå å nå med hovudet, og den andre hadde Arthur Almestad aleine med keeper. Aleine med keeper mista han derimot balansen, og sjansen rann vekk.

Erik Salen på heimelaget utnytta sine sjansar bedre, og satte inn mål i det 12 og 42 speleminuttet. Dette blei då ledelsen til pause. Etter pausen skjedde det ikkje så veldig mykje. Trond Paulsen hadde eit frispark som keeper Kjell Sandvik måtte slå til corner, og seinare var Trond også gjennom og satte ballen imål - men dette blei annulert for offside.

En må seie at dei fleste var under pari denne gangen. Best var Ivan Mykebust på sweeperposisjon.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat