Kampreferat 1984:

Bergsøy tapte mot Ålesund igjen

Bergsøy - Ålesund 0-2 (0-1)


0-1 Odd Nøstdahl, 0-2 Olav Grønningsæter

06.08.1984

Robert Iversen

Jonny Pettersen debuterte i mål.


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Haustsesongen starta med årets tredje tap mot Ålesund for Bergsøy, i ein kamp der Bergsøy virka interesselaust. Bortelaget burde nok faktisk ha vunnet med ein større margin om dei hadde utnytta sjansane bedre. For Bergsøy sin del virka det som at sommaren ikkje har blitt nytta som den burde, og det såg ut til å være ubalanse i laget. Bergsøy spelte med ny keeper for fjerde gang iårets sesong, og det er for ustabilt sjølv om Jonny Pettersen i sin debut greide seg etter måten bra.

Odd E Nøstdahl var ein av spelarane som kosa seg inne på Bergsøy sin banehalvdel, rask i vendingane og teknisk god. Det som svikta mest for Bergsøy var at spelarane brukte for lang tid til å få ballen under kontroll, og brukte lang tid på avleveringane. Allereie etter 10 minutt var Nøstdahl nær ved å gi bortelaget ledelsen, men lobben blei for svak. Midtveis i omgangen blei det imidlertid klart for 1-0 idet Nøstdahl fikket fint overlegg fra Steinar Krøvel og satta ballen kontant inn frå 7 meters hald.

Om den første omgangen var sjanserik var den andre sjansefattig. Det var ein omgang prega av mykje feilpasningar og at spelarane gikk for lenge med ballen. Frode Wilhelmsen kom nærast etter ein stikkball frå Trond Paulsen, men skotet gikk til side for mål. 2-0 kom etter at Olav Grønningsæter blei fint frispelt av Thorsen, sjølv om det lukta litt offside.

Det er vanskelig å seie kven som var best på Bergsøy, men Ivan Myklebust og Gullik Kjelstadli samt Trond Paulsen la ned eit godt arbeid.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat