Kampreferat 1985:

Bergsøy på toppen av tabellen

Bergsøy - Langevåg 3-0 (2-0)


Paul Kurt Nerland, Fred Frantzen, Tony Pettersen

Huldalen

Ernst Myhre


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt
Før kamp omtale


Vestlandsnytt
Siger


Vestlandsnytt
Kampreferat

Kampreferat

Bergsøy klartra heilt til toppen av tabellen etter toppoppgjeret mot Langevåg i Huldalen. Dei to tidligare 3.divisjonslaga har lenge vore p åtoppen av tabellen, men denne gang tok Bergsøy fram et ekstra gir og presterte årsbeste for å sikre tabelltoppen aleine. Det var eit flott spelevær, og publikumsrekord for året gjorde kampdagen til ein god opplevelse.

Også tidligare iår har Langevåg måtte bite i huldalsgrusen, det skjedde i ein cupkamp tidligare iår. Denne gangen sikra Bergsøy seg begge poenga etter ein sikker, og kanskje noko overraskande 3-0 siger. Bergsøy hadde bedre fasong på spelet enn tidligare, og heile laget viste vilje til å kjempe for sigeren. Frode WIlhelmsen spelte sin første kamp fra start og skapte med stor løpervilje fart i angrepsrekka, og bortelaget hadde vanskeligheter med å stoppe det Bergsøy hadde å by på.

Det tok 37 minutt før det første målet kom. I fin posisjon, og nokså umarkert var det Paul Kurt Nerland som fekk eit innlegg, og ballen blei sendt vidare opp i vinkelen. Knappe fem minutter seinare var kampen i realiteten avgjort etter det som var ein Fred Frantzen scåring av god gammal årgang. Inlegget kom ifra Kjetil Goksøyr, og scårinane var årets første både for Paul Kurt og for Fred.

Etter pause hadde Bergsøy full kontroll på kampen, og det blei aldri noko prekært foran Frank Otto Frøystadvåg i Bergsøyburet. Den tredje og siste scåringa kom to minutt før full tid, og kom etter ei rask kontring. Frode Wilhelmsen førde oppover, og den presise pasninga var det Tony Pettersen som mottok. Tony lobba over Tore Havnegjerde i langevågburet og noterte seg dermed for sitt femte seriemål iår.

Bergsøy noterte seg uten tvil for årets beste kamp. Ivan Myklebust spelte denne gangen som den rolige og mest dominerande spelaren i forsvar. Kjetil Goksøyr og Trond Paulsen tok ansvaret på midtbana, mens Frode Wilhelmsen og Fred Frantzen ved fleire høve gjorde livet surt for Langevåg forsvaret. Pluss også til Bergsøy sin nye mann i mål, Frank Otto Frøystadvåg som årsdebuterte. Denne kampen styrka nok sjølvtilliten til Bergsøy sin tredjekeeper.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat