Kampreferat 1998:

Bergsøy for passive

Brattvåg - Bergsøy 4-0 (2-0)


12.06.1998

Lars Ove Almestad


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt


Dommerkort

Kampreferat

Bergsøy var for snille denne kampen, og gav Brattvåg ein altfor lett vei mot en enkel 4-0 siger. Dermed blei det ein liten nedtur etter nokre gode kampar i det siste.

Bergsøy var stort sett på høgde med Brattvåg spelesmessig og sjansemessig, så resultatet gir ikkje eit altfor godt bilde av kampen. Men Brattvåg hadde stang inn der Bergsøy hadde stang ut. Etter 21 minutt fekk heimelaget eit tvilsamt frispark (linjemannen markerte til fordel Bergsøy), og på dette frisparket fekk Svein Åge Klokk stå umarkert på bakerste stolpe og gav heimelaget 1-0.

Både Arild Kvalsund og Lasse Myrhol hadde gode skuddforsøk, men forsøka endte utanfor eller blei redda av ein god keeper. Like før pause fekk heimelaget ennå eit mål, denne gang på ny etter nok ei svak markering i Bergsøyfeltet. Lars Ivar Moldskred måtte gi retur, og Ståle Hurlen økte til 2-0 like før pause.

Kampen blei punktert eit kvarter ut i den andre omgangen. Det skjedde på ein corner, og det var Oddmund Otterlei som vann duellen mot Lars Ivar Moldskred for å headde inn 3-0. Samme mann fekk seinare gå heilt fritt og stusse inn 4-0 berre minutter etterpå. Arild Kvalsund burde redusert aleine med keeper, men nok eing gang var det sisteskansen som kom sigrande ut av duellen. Ikkje eingang da Lasse Myrhol sitt kanonskot blei ein retur kom Bergsøymålet - returen satte Oddmund Vågsholm i krysset og ut. Også Roy Igesund var nærme, men traff innsida av stolpen og ut. Det kunne raskt blitt fleire mål.

Lars Ove Almestad var den beste på Bergsøy denne gangen, og også Christoffer Nilsen skal ha skryt.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat