Kampreferat 1998:

Rakna på slutten

VRF - Bergsøy 2-0 (0-0)


1-0 Ole Andre Fet (83), 2-0 Øyvind Utgård (88)

07.08.1998

Roar Ødegård

Spelarpoeng: 3: Robert Sogge, 2: Lars Ivar Moldskred, 1: Ole Andre Fet


Vedlegg til kampen

Ingen vedlegg ennå til denne kampen
Kampreferat

Det gikk som det bruker å gå. VRF taper somregel i Fosnavåg, og Bergsøy taper somregel i Dalemyra. Denne gangen såg det imidlertid lenge ut til at det skulle gå mot uavgjort, men to seine scåringar berga heimelaget si ære.

Heimepublikumet og spelarar var i ferd med å gå sure og tomme på slutten av kampen før Ole Andre Fet headda inn eit Øyvind Utgård innlegg sju minutt før slutt. Ein god Bergsøykeeper Lars Ivar Moldskred hadde fingare på ballen, slik han også hadde på 2-0 scåringa, men klarte ikkje å unngå at ballen gikk i nettet. Ved 2-0 målet var rollene bytta om, for da var Utgård målscårer mens Fet var spelaren som sendte den avgjerande pasninga.

Før pause var det to lag som spelte underhaldande fotball som viste seg fram. VRF hadde dei største sjansane, men Lars Ivar Moldskred sto stødig i mål, og Arild Kvalsund var også på streken ved eit tilfelle for å unngå baklengsmål. Ti minutt etter pause var det klart for eit straffespark til heimelaget da valen blei lagt ned i feltet, ei straffe som bortelaget slett ikkje var einig i. Men Bergsøy sin keeper Lars Ivar Moldskred psyka ut straffetakaran Linga som skaut utanfor.

Oddmund Vgåsholm hadde ein god mulighet til å sende Bergsøy i føringa, men avsluttninga gikk rett på keeper. Nærmare var Remi Helleseth da heimelagets keeper Alnes måtte slå ballen i tverrleggaren. Etter at VRF gikk opp i 1-0 satsa Bergsøy alt dei hadde på utlikning, men det var VRF som fekk dei største sjansane og avgjorde med 2-0.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat