Kampreferat 2000:

Langevåg måtte slite for sigeren

Bergsøy - Langevåg 1-3 (0-1)


01- Frode Svendsen (32), 0-2 tor Arne Kroken (51), 1-2 tommy Notøy (55 str), 1-3 Kroken (67)

12.08.2000
Fosnavåg

Oddbjørn Aam


Vedlegg til kampen

Ingen vedlegg ennå til denne kampen
Kampreferat

Bergsøy var i store delar av kampen fullt på høgde med Langevåg, men tilslutt var det nok ein fortjent siger til bortelaget som tok over tabelledelsen med sigeren.

Allereie tidlig i kampen burde nok Langevåg tatt ledelsen idet Andre Fylling kom aleine igjennom, men keeper og ein forsvarar ordna opp i situasjonen. Så burde nok Bergsøy ha scora det første målet et kvarter ut i omgangen då Frank Sverre Skorpen la inn fra sida og fann Jarl Åge Vågsholm foran mål. "Flisa" headda ballen uten å treffe der han ønskte. Så kom det eit Langevåg frispark 40 mter frå Bergsøy sitt mål som Andre Fylling dundra til på, og ballen gikk i tverrleggaren og ned på streken. Litt av et skudd.

Det første målet kom på eit anna frispark som blei slått inn i Bergsøyfeltet, og det var Frode Svendsen som kunne headde ballen forbi Frank Haraldsvik i Bergsøyburet til 1-0. Og dette var også pauseresultatet.

Langevåg var sterkast etter pausen, og det var snart klart for 2-0. Andre Fylling satte ivei et skudd frå skrått hold, og Tor Andre Kroken dukka opp og breisida ballen vidare inn i mål. Men Bergsøy kom tilbake idet Frank Sverre Skorpen blei lagt ned inne i feltet, og Tommy Notøy satte straffesparket inmål til 1-2 og ny spenning i kampen.

Langevåg ville også ha straffe midtveis ut i omgangen, men fekk ikkje medhold fra dommar Aam. Men gjestane skulle likevel få seg ein gavepakke idet Bergsøykeeper Haraldsvik sende eit utspel rett i Tor Arne Kroken som uforstyrra kunne sette ballen imål til 1-3. Og da gikk også noe av lufta ut av heimelaget etter dette.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat