Kampreferat 2000:

Solid bortesiger

Ålesund2 - Bergsøy 2-5 (1-3)


Frank Skorpen (28,43), Jarl Åge Vågsholm (40), Christoffer Nilsen (64), Vegard Fiksdal (65)

01.09.2000
Aksla Stadion

Oddbjørn Hatlehol


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Bergsøy tok ein viktig siger i kampen for å unngå nedrykk etter å ha slått Ålesund sine nest beste spillere på Aksla Stadion. Det var imidlertid heimelaget som kom best igang idet Roy Magne Sunde satte inn 1-0 allereie etter 6 minutter på kampens første målsjanse. Bergsøy skulle likevel dominere resten av kampen.

Bergsøy har no fire lag bak seg på tabellen, men det kan være fare for at fem lag rykk ned - så ingenting er avgjort i kampen om nedrykk med tre kampar igjen.

Etter at Roy Magne Sunde hadde satt inn 1-0 etter innlegg fra Ola Engvik var det klart for at Bergsøy skulle våkne. Geir Sandnes dominerte stort og var overalt, og var i ei klasse for seg sjølv. Det var også Geir Sandnes som slo innlegget som Frank Skorpen kunne nikke inn til 1-1 på eit presist frispark. Bergsøy hadde også fleire sjansar før Jarl Åge Vågsholm satte Bergsøy opp i 2-1 ledelse fem minutter før pausen, også dette etter et hodestøt etter eit Geir Sandnes innlegg - men Frank Sverre var nest sist på ballen. Like før pause var det nok engang Geir Sandnes som markerte seg, denne gang på eit kjemperaid over heile bana som tilslutt endte i ei pasning til Frank Skorpen som satte 3-1 kontant i nota til pauseresultatet.

I 2.omgang fortsatte Bergsøy å presse Ålesund2, men på grunn av tendensar til strekk tok trenar Per Rune Tødenes ut Geir Sandnes for å spare han til dei vidare viktige kampane. Bergsøy fortsatte likevel å spele godt, og Christoffer Nilsen avslutta fint til 4-1 etter eit framspel av Lennart Garnes. Deretter var det Vegard Fiksdal som blei spelt igjennom av Frank Skorpen som satte innn 5-1. Sigeren kunne vært mykje større, og Frank Sverre hadde mellom anna eit godt skudd i tverrleggaren. Skorpen blei også klart felt og burde hatt straffespark, men dommer Hatlehol vinka vidare den situasjonen. Det siste som skjedde var at Ålesund fekk eit trøstemål, som faktisk var heimelagets einaste sjanse etter pausen.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat