Kampreferat 2000:

Bergsøy vann mot Hødd2

Hødd2 - Bergsøy 1-2 (1-1)


1-0 Harald Rise, 1-1 Arild Kvalsund, 1-2 Frank Skorpen

05.05.2000
Høddvoll gras

Ståle Eikrem


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Hødd hadde ballen mest i denne kampen, men Bergsøy klarte å revansjere den dårlige serieåpninga laget hadde hatt mot Sunnylven. Bergsøy var effektive og gode mot eit heimelag som var forsterka med spelarar som Jan Egil Tryggestad og Harald Rise. Og det var Bergsøy som åpna kampen sterkast, men snart var det Hødd som tok over banespelet og skapte dei første store sjansane i kampen.

Midtveis i omgangen var det klart for Hødd-ledelse etter at Harald Aasland Rise kunne breiside ballen inn etter eit godt innlegg fra høgresida. Bergsøy måtte justere litt på laget etter dette, og det blei meir sving på sakene idet Nils Roger Paulsen kom inn mot slutten av omgangen. Arild Kvalsund, som var tilbake etter eit lengre skadeavbrekk, viste så sitt potensiale. Han såg at Lars Ivar Moldskred sto langt ute, og den utspekulerte lobben fra 40 meter gikk over Hødd-keeperen og inn i målet. Ei keepertabbe, men også et fantastisk mål. Det blei dermed 1-1 til pause, i ein omgang der også Frank Sverre Skorpen blei snytt for ei klar straffe tidlig i omgangen.

Det jamna seg litt meir ut etter pausen i det som blei ein meir sjansefattig omgang. Det som tilslutt skulle avgjere kampen var ein flott enkeltmannsprestasjon av Frank Sverre Skorpen. Han vende vekk ein forsvarar og sende ballen i hjørnet uten at Lars Ivar Moldskred hadde mulighet til å stoppe skuddet. Den tidligare Bergsøyspelaren Lars Ivar måtte dermed gå av banen uten poeng denne gangen.

Hos Bergsøy var Karl Bjarte Vike en av lagets beste spillere. Frammover på banen var Preben Hestad og Arild Kvalsund viktige for laget.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat