Kampreferat 2000:

Bergsøy tapte i siste kampen

Bergsøy - Brattvåg 1-4


Kjartan Myklebust (15,27,66,82), Lennart Garnes (61)

23.09.2000

Vegard Fiksdal

Oddbjørn Aam

Jan Vidar "Barthes" Hjelmeseth debuterte i mål for Bergsøy i alder av 29 år.


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Det blei ein svak kamp av Bergsøy i årets siste serierunde etter at Kjartan Myklebust hadde ei firemåls oppvisning. Faktisk var dette kanskje det svakaste Bergsøy har levert på heimebane på lang tid. Brattvåg tok tidlig tak i kampen og dominerte gjennom heile første omgang, og det blei faktisk ikkje nortert ein einaste sjanse til Bergsøy før pause.

1-0 kom eit kvarter ut i kampen, og Kjartan Myklebust ekspederte eit innlegg rett i nota. Ved 2-0 scåringa kom den tekniske spissen igjennom forsvaret og lobba over "hjallis". Bergsøy skal være glade for at det ikkje var meir enn 2-0 til Brattvåg før pause.

Bergsøy kom bedre med etter pausen og etter 55 minutters spel var det klart for ei redusering. Roy Igesund forserte på venstrekanten og la inn til Lennart Garnes som styrte inn ballen på bakerste stolpe. Like etterpå var det nesten utligning idet venstrebacken Tommy Ingebrigtsen kom aleine med Brattvåg sin keeper, men skotet endte rett i kroppen på sisteskansen. Ei utligning der kunna endra kampen, men det var Brattvåg som gjorde 3-1 ut av ingenting - og da gikk lufta ut av heimelaget.

Brattvåg hadde mange sjansar til å øke ledelsen, og berre storspel av Hjallis hindra større siffer. Jarl Åge Vågsholm kunne også redusert, men skotet gikk til sides for mål. Siste mål var det Kjartan Myklebust som skulle notere seg, dermed sitt fjerde for dagen, etter at han sprang ifra alle.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat