Kampreferat 2000:

Bergsøy manglar målscårarar

Vigra - Bergsøy 3-1 (2-1)


Lennart Garnes

19.05.2000
Vigra Stadion

Ståle Eikrem


Vedlegg til kampen


Vestlandsnytt

Kampreferat

Bergsøy spelte bedre enn det dei gjorde i det triste tapet mot Åram i sist kamp, men det blei likevel eit nytt tap. Bergsøy skapte nok sjansar til å score nok mål, men manglar for tida ein spiss som kan omsette sjansane.

Vigra har overraska så langt denne sesongen og har etter opprykket ennå ikkje tapt. Heimelaget var også langt meir effektive, og kunne såleis ta alle tre poenga i denne kampen. Bergsøy har seg sjølv å skulde på. Allereie dei første ti minutta hadde Bergsøy 4-5 cornerar, men det var Vigra som tok vare på ei kontring og satte inn 1-0 på lagets første sjanse. Anders Veddergjerde blei spelt gjennom av Erlend Holm og han gjorde ingen feil. Det gjorde heller ikkje Lennart Garnes hos Bergsøy like etter da han styrte ballen inn i det lengste hjørnet til 1-1, men Vigra tok etterkvart meir og meir over banespelet.

Vigra sine spelarar var kjappe og utnytta etterkvart at Lennart Garnes og Tommy Ingebrigtsen på backane til Bergsøy var veldig offansive. Idet Erik Heitmann kom fri på sida og la inn til Dag Erik Jønsson så var det klart for 2-1. 2-1 vart pauseresultatet, og trenar Per Rune Tødenes justerte noko på laget i pausen. Det blei mindre bakrom for Vigra å springe i. I løpet av tre minutt hadde Bergsøy 3 stykker 100% sjansar som Frank Sverre Skorpen, Preben Hestad, Jarl Åge Vågsholm og Roy Igesund hadde alle muligheter til å sette inn utligning. Istaden var det Vigra som viste fram effektiviteten sin. Stian Blindheim avgjorde kampen like før slutt tiltross for at Frank Haraldsvik først redda skotet til Jønnsson.

Preben Hestad var Bergsøy sin beste spelar denne gangen ilag med Tommy Notøy og Christoffer Nilsen.






1415 Kampreferat



















Kampreferat info


Kampreferat som inneholder bilder


Godt kampreferat uten bilder

(Tom)
Lite info i kampreferat