Bilde
Norborg/Brattvåg 2 - Bergsøy 0-3 (0-2)
0-1 Daniel Arnfinnson (41), 0-2 Daniel Jøsok Kvalsvik (45), 0-3 Enrique Crespo Sævik (52)
12.08.2022 - Uggedal Stadion gras
Pedro Gonzalez (Bergsøy)
Tobias Hellem og Henrik Hurlen (Norborg)
Rohollah Ahmadazai (Langevåg)
Debut for Enrique Crespo Sævik
Kampen
Bergsøy gikk rett i angrep, og eit skudd fra Fredrik Muren blei slått til corner av keeper. Nærme var Bergsøy også på den påfølgande corneren idet Trym Rekkedal kom til ei avslutning.
Bergsøy hadde teke kommando fra start av.
Bata var denne gangen "våt og langhåra" ifølge Runar Olsen som kommenterte kampen på facebook, og det neste som skjedde var at Norborg var nærme scoring på ein corner.
Bergsøy klarte å redde ballen vekk på streken. Deretter var det duka for ein debutant på Bergsøy etter at Roald måtte ut, og inn kom ein spiss med namn Crespo.
Det var igjen nærme for Bergsøy etter ein corner idet Sondre headda til side for mål, og Bergsøy fortsatte å halde presset oppe. I neste angrep rulla BIL opp eit fint angrep der Pijus blei spelt igjennom, men keeper reddar skuddet.
Høgresida til Bergsøy var god, og pressar fram cornerar. Også innkast er eit farlig våpen for Bergsøy, der Sondre kastar og Pijus var nærme nok ein gang.
Eit frispark frå 18 meter gikk til side for mål idet Nils Erik prøvar seg på eit skot. Kampen var passert 30 minutter, og det var berre uttellinga som mangla.
Også Magnus Myklebust får eit forsøk, men skyt over. Innbyttar og debutant Crespo headder også like til side for mål.
Men det skulle løsne like før pause. Daniel Arnfinson blei nydelig spelt igjennom av Nils, og dermed presterte Daniel sitt første Bergsøymål.
Og Bergsøy kjører på vidare, og Crespo er nærme å øke til 2-0 idet keeper slår til corner. Trym er også nærme på denne corneren, før det tilslutt er ein krossar frå Trym til Daniel Jøsok Kvalsvik som ordnar det neste målet. Daniel slår veggspel med Magnus Myklebust, og setter ballen kontant i mål.
Dermed pause med fullt fortjent 2-0.
Vedlegg til kampen
Bilde
KAMPREFERAT