Historikk

sq-sample19

FOTBALL
Kampreferat-Modus


Snarveier












Ny sterk siger

Seriekamp 12 - 2022 Nr 1327

Bergsøy - Blindheim 4-0



1-0 Pijus Marcinkevicius (60), 2-0 Enrique Crespo Søvik (63), 3-0 Daniel Arnfinnson (87), 4-0 Daniel Arnfinnson (89)


19.08.2022 - Havila Stadion


Ingen gule kort


Jan Erik Bratteberg (Ørsta)




Debutant Anatolii Bieshliaha. Heimedebut for Crespo.



Kampreferat


Forhåndsomtale

Bergsøy-trenar Lars-Petter Rønnestad seier laget må tole å vere klare favorittar. Vi slo Blindheim borte i vår – i det som var ein fortent siger. Men det var også ein kamp vi burde punktert tidlegare, då det var jamt heile vegen inn. Mykje er forandra sidan sist. Vi er sterkare no, og har meir fasong på spelet vårt. Enrique Crespo Søvik har fått trena bra, og no får han sin heimedebut. Elles rekker nok ikkje Magnus Myklebust kampen. Men vi håper at både Aleksander Rekdal og Nils-Erik Engen kan vere tilbake.

Bergsøy sitt fotballag er tilbake no, vil eg hevde. Det tok eit halvt år, men no er vi der vi ynskjer å vere. No er det opp til oss sjølve, seier trenaren.

Kampen

Det blei ein kamp der heimelaget Bergsøy måtte være tolmodig, for i den første omgangen sleit Bergsøy med å trenge igjennom bortelagets kompakte forsvar. Blindheim spelte godt forsvarsmessig og hindra Bergsøy i mykje, samtidig som Bergsøy blei frustrerte og ikkje fekk til sitt beste spel. Dette førte til dobbeltbytte i pause for å forandre litt på spelet, og Sondre Nygård Olsen som var litt småsjuk gikk blant anna ut, og inn kom Espen Langlo Driveklepp og Aleksander Rekdal.

Pijus skyt inn 1-0 høgt i mål
Bildet: Frå Thomas Sporsheim video Sportsheim


Aleksander Rekdal viste at han er viktig for laget, og etter 60 minutter var det endelig klart for kampens første mål. Pijus Marcinkevicius fekk ballen rundt 16 meteren og hamra den opp i hjørnet. Tre minutter seinare var det klart for 2-0 idet heimedebutant Crespo satte inn sitt første mål på heimebane. Målscoraren sjølv sa han var rusten etter ni månadar uten å spele fotball, men er fornøgd med kva han har fått til i sine to første kampar for Bergsøy med to mål.
Crespo setter inn 2-0 med ein smygar nede til høgre for keeper
Bildet: Frå Thomas Sporsheim video Sportsheim


Islanske Daniel Arnfinnson blei mot slutten av kampen tomålsscorar, og det siste målet suste hardt i nettet. Dette var ifølge statistikken heimekamp nummer 700 for Bergsøy, og inn på bana kom også Frank Sverre Skorpen som nærmar seg 500 kampar for klubben. Han var nærme på å gi Arnfinnson ei målgivande pasning.
Arnfinnson får eit fint førstetøtch og setter ballen deretter fint i mål til 3-0
Bildet: Frå Thomas Sporsheim video Sportsheim


Arnfinnson med ei fin avsluttning til 4-0
Bildet: Frå Thomas Sporsheim video Sportsheim




Bergsøy sitt lag:

12 Pedro Luis Moreno Gonzalez
4 Trym Rekkedal
22 Sondre Nygård Olsen
23 Fredrik Muren
24 Bendik Frøysa
8 Nils-Erik Engen
10 Pijus Marcinkevicius
16 Daniel Jøsok Kvalsvik KAPTEIN
9 Daniel Arnfinnsson
14 Enrique Crespo Søvik
25 Roald Andreas Knoph Runde


Innbytterar:

3 Anatolii Bieshliaha
5 Espen Langlo Driveklepp
6 Aleksander Kostopoulos Rekdal
15 Frank Sverre Kopperstad Skorpen
19 Franjo Tepuric



Vedlegg til kampen

Bilde

Foto av Stian Langlo Driveklepp




KAMPREFERAT


SERIEKAMPER